Lokal | 22. aug. 2019

Avdekka ulovleg kabotasje

Statens vegvesen hadde kontroll i Hjellemarka onsdag.

Avdekka ulovleg kabotasje
Vegvesenet i Hjellemarka, her i november 2018. (Foto: SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. aug. 2019 06:43

Onsdag kveld hadde vegvesenet kontroll av tungtransport på E39 Byvegen i Hjellemarka.

Av 26 køyretøy inne på plassen blei 18 kontrollerte. Det blei det gitt 6 bruksforbod, to for manglande merking av utstikkande gods, to for lastsikring, eitt for sikt og eitt for lys.

I alt blei det 12 skriftlege manglar. 7 køyretøy fekk mangelseddel for tekniske manglar.

Tok for mange turar internt i Noreg

I tillegg blei eit firma meldt til politiet for ulovleg kabotasje. Kabotasje er når eit transportfirma utfører interntransport i eit anna land.

Selskapet hadde køyrd 4 nasjonale transportar etter at bilen kom til Noreg, grensa i EU og EØS er 3 kabotasjeturar på 7 dagar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.