Kultur | 22. des. 2023

Ba om støtte til lysa på Borgafjellet - fekk uventa god respons

Os Kulturutvikling takkar sponsorar og ei lang rekke privatpersonar for at årets ekstrakostnadar blei dekka.

Ba om støtte til lysa på Borgafjellet - fekk uventa god respons
Dag Berge og Leif Ragnar Tveit ved nytt skap mens klatrarane festa linene. (Foto: Marcel Eltawafshy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. des. 2023 11:20

I år blei dei tre 50 meter lange lyslenkene på masta på Borgafjellet tente for 25. gong.

Os Kulturutvikling, som alle år har stått for initiativ og drift, har opp gjennom åra hatt ei rekkje sponsorar til å finansiera drifta, som ligg på ein kostnad på oppunder 20.000 kroner.

– Straumforbruk og skifte av pærer kostar ikkje så mykje, klatrarane som vi kvart å før tenning må bruka, er største post, fortel Leif Ragnar Tveit frå Os Kulturutvikling.

Men i år blei el-skapet underkjent. Nytt skap og omklopling gjorde at dei totalt fekk ein kostnad på 46.000 kroner.

Då, for første gong, inviterte dei innbyggarane på kronerulling via Vipps.

– Vi fekk veldig god respons! Mange har gjerne trudd at dette var kommunen sitt prosjekt, men det er eit frivillig lag som driv dette på nullprofitt.

36.400 kroner kom inn via Vipps. I tillegg kom ein av sponsorane som var med i starten, Inka AS, på banen med 10.000 kroner.

– Frå før har vi Bolaks, som er inne i sin andre treårsperiode som hovudsponsor med 20.000 kroner.

Os Kulturutvikling sender i dag ut ei stor takk til både innbyggarar og firma, og ramsar opp AS Bolaks, Inka As, Os Elektro AS, Tind Økonomi AS, Hodneland Bygginnredning AS, Os og Fusaposten og Midtsiden.

– Vi må òg få takka Telenor, for at vi får lov å bruka masta, som det heng mykje viktig utstyr i. Og alle som har vore med som sponsorar opp gjennom åra.

– Tidlegare tok vi ein besøksrunde til ei rekkje firma, som var med på alt frå 500 til nokre tusen kroner, år etter år. Med desse større sponsoravtalane så slepp vi ta denne runden, men dei gamle, faste er velkomne tilbake om behovet melder seg seinare år.

– Målet er berre at det skal gå i null, så vi samlar ikkje inn meir enn vi har behov for.

Lysa er tente til rundt 10. januar.

Om lysa på Borgafjellet:
• Kvar av dei tre lyslenkene er cirka 50 meter lange
• Det er til saman 450 lyspærer på dei tre lenkene
• Borgafjellet er 353 meter over havskorpa
• Kvart år sidan 1999, etter initiativ frå Arne Martin Holen, har det vore lyslenker i masta på toppen
Les meir om historikken til lyslenkene som Os Kulturutvikling eig og driftar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.