Politi | 25. juli 2021

Gut skadd av propell

Henta med luftambulanse etter uhell med båt.

Gut skadd av propell
Både ambulansebåt og helikopter rykte ut til Skåtøya søndag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. juli 2021 17:28

Politi og ambulanse rykte søndag kveld ut på melding om ulykke i Skåtøysundet, vest for Drange.

– Ein gut fekk store kutt i foten, og blei køyrd til Haukeland med helikopter, opplyser Vest politidistrikt via Twitter.

Det blei først opplyst at guten, som er 12 åt gamal, bada då han blei påkøyrd av ein båt som bakka.

– Familien var om bord i ein båt som skulle legga til land. Guten ramla i sjøen i løpet av manøvreringa, og fekk foten borti propellen, opplyser politiet til BT.

Midtsiden har foreløpig ikkje lykkast i å få tak i politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.