Politikk | 14. feb. 2022

Bahus gjenvalt som fylkesleiar - vedtok samtidig 5 uttalar

Fekk fokus på årsmøtet: Straumpris, veg, rekruttering, fastlegar og havbruk.

Bahus gjenvalt som fylkesleiar - vedtok samtidig 5 uttalar
Gustav Bahus, her i kommunestyresalen i fjor, er gjenvalt som leiar for Frp Vestland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. feb. 2022 13:37

Vestland FrP hadde i helga årsmøte via video.

Der blei osingen Gustav Bahus frå Bjørnafjorden Frp gjenvalt til nestleiar for to nye år.

Politisk nestleiar Helge André Njåstad (Austevoll FrP) og organisatorisk nestleiar Sigbjørn Framnes (Stord FrP) sto ikkje på val, og utgjer framleis leiartrioen i fylkespartiet.

– Bjørnafjorden FrP deltok med ein stor delegasjon på fylkesårsmøtet, og fekk blant anna vedtatt dei to politiske uttalane som lokallaget sendte inn, fortel gruppeleiar på fylkestinget, Terje Søviknes, i ei pressemelding i dag.

Desse handla om straumstøtte til næringslivet og endring av skatt på havbruksnæringa.

Anne Marte Tombre er tredje generasjon i familiebedriften. Hun skildret situasjonen og alternativene for videre drift grundig. (Foto: Dositej Rarogijevic-Vukovic)
Les ògSkjerpet skatt på havbruk: – Har fire alternativer

Her er fem uttalar som blei vedtatt på årsmøtet til Vestland Frp, med eit kort utdrag av kvar uttale:

1. FrP krever strømstøtte også til næringslivet

FrP mener primært at alle strømkunder, også bedriftskunder, burde fått en makspris på 50 øre pr kwt. I tillegg har vi foreslått å fjerne el-avgiften og moms til staten gjennom vinteren.

2. Forhindre «hjerneflukt» fra Bergen og Vestlandet

Vestland FrP vil jobbe for å hindre «hjerneflukten» til Østlandet, og vise hvilket variert og godt næringsliv som finnes på Vestlandet. Samarbeidet mellom akademia og næringslivet i regionen må styrkes.

3. Redd fastlegeordningen nå!

Vestland FrP ber stortingsgruppen arbeide for en styrkning av basistilskudd for fastleger, å øke antallet LIS1-plasser ved norske sykehus, å opprette flere fastlegehjemler kommunene og for en utvidet garantiordning for salg av fastlegehjemmel tilbake til kommunen, slik at terskelen for å etablere privat allmennlegepraksis senkes.

4. FrP vil ha fullt trykk på hele Ringvei Øst!

Den siste tids uttalelser fra byrådet i Bergen viser hvor viktig det er at partier som FrP fortsetter å holde trykket oppe i saken. Både byrådsleder Roger Valhammer (Ap) og byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) har tatt til orde for vesentlig nedskalerte og alternative løsninger. Dette bidrar til å skape usikkerhet rundt prosjektet, og kan potensielt få store negative konsekvenser for fremdrift og realisering.

5. Distriktsskatten på havbruk må endrast

Med dei siste skjerpelsane i formuesskatten risikerer regjeringa at dei riv beina under lokalt eigarskap i havbruksnæringa lenge før gjennomgangen av konsesjonsordningane er på plass. Dette kan umogeleg vera god distriktspolitikk frå finansminister og SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.