Brann og beredskap | 22. juni 2023

Bålforbod blir ståande

Hadde du håpa at regndropane skulle hjelpa fram mot sankthansaftan?

Bålforbod blir ståande
Idyll i Vikjo i 2019. I år blir det fint vêr - men ikkje bål, Oseana-grill eller trekkspelmusikk. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh/Frank Baggen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. juni 2023 13:21

Det ekstraordinære bålforbodet som kom frå fredag førre veke er framleis gyldig, trass nokre regnbyger dei siste dagane.

Sankthansbål i 30 varmegradar i fjor. I år blir det forbode. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògInnfører ekstraordinært forbod

Også grilling, bål og trekkspelmusikk i Mobergsvikjo er, som Oseana opplyste tidlegare denne veka, avlyst.

Pressemelding frå Bjørnafjorden kommune:

Bjørnafjorden kommune ønskjer å presisere at det ekstraordinære bålforbodet framleis gjeld i vår kommune.

Sjølv om skogbrannfareindeksen har gått ned etter nokre dagar med litt nedbør, er det forventa at den vil auke fram mot søndag.

– Vi har tatt omsyn til ei rekke faktorar i vår vurdering, mellom anna nedbørsmengder, skogbrannfareindeks, topografi og beredskap både internt og i regionen. Kombinert med sankthansfeiringa og dei lange båltradisjonane i kommunen, er risikoen for skogbrann framleis stor og aukande mot slutten av helga, uttaler brannsjef Espen Storum.

– Desse faktorane har bidrege til å gi oss eit bilete av den noverande situasjonen og har vegd tungt i avgjerda om å oppretthalda det ekstraordinære forbodet.

Andre kommunar har opplevd styrtregn og større mengder nedbør. Dette har vi ikkje hatt i Bjørnafjorden.

– Det er difor sannsynleg at andre kommunar vel å oppheve eller lette på sine forbod. Vi har hatt gode faglege diskusjonar med andre brannvesen i regionen, og vi respekterer at ulike lokale forhold fører til ulike tiltak. Dette kan vere frustrerande, men det er viktig å forstå at vi må ta omsyn til våre eigne lokale forhold.

I ei samla vurdering har kommunen derfor kome fram til at det gjeldande forbodet framleis skal vere i kraft inntil vidare. Vi følgjer nøye med på utviklinga og vil kome med meir informasjon så snart situasjonen endrar seg.

Det ekstraordinære forbodet vil halde fram til 30. juni eller til det blir oppheva.

Til slutt vil vi uttrykke vår takksemd. Vi ønskjer å takke innbyggjarane i Bjørnafjorden for deira forståing og samarbeid i denne perioden med ekstraordinære restriksjonar. Vi oppmodar alle til framleis å vere merksame og ta nødvendige førebyggjande tiltak for å unngå brannar. Brannsikkerheit er eit felles ansvar, og saman kan vi oppretthalde trygge omgjevnader for alle.

For ytterlegare informasjon og oppdateringar om brannsikkerheit og gjeldande restriksjonar, oppfordrar vi innbyggjarane til å besøke kommunen sin nettside og følge kommunen sine offisielle kanalar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.