Nokre bål treng du ikkje søkja om

Bålforbod frå i morgon.

Din siste flamme kan tennast i dag. Med nokre unntak. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. apr. 2021 10:37

Frå i morgon er det forbode å tenna bål i skog og utmark. Det er ikkje solgløtt og oppunder 10 plussgradar som er årsaka, men datoen.

Det generelle forbodet gjeld frå 15. april til 15. september.

Frå i morgon må du først søka om godkjenning frå Bjørnafjorden brann og redning om du vil tenna bål, men med nokre unntak:

  • Brenning av hageavfall
  • Sankthans-bål
  • Grilling

– Sjølv om forbodet har sine unntak, så får vi ein del telefonar, seier leiar for forebyggande aktivitet i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum.

Dersom det er heilt tydeleg at bålet ikkje utgjer noko brannfare, om du for eksempel lager bål i snø eller i svært vått terreng - er det lov - men framleis og alltid på ditt ansvar.

– Det ser vi på som eit teikn på at innbyggarane stort sett ønskjer å retta seg etter regelverket. Samtidig oppmodar vi alle om å lesa rettleiaren vi har laga.

(Denne finn du nedst i artikkelen).

Du kan brenna hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare.

Men du skal visa omsyn til naboar, og du må hugsa at det er ulovleg å brenna søppel og spesialavfall, som til dømes byggematerialar, plast og store mengder papp.

Les ògRettar fokus mot ulovleg bålbrenning

Sankthans-bål treng du ikkje søkja om, men du må ha lov hos grunneigar, om eigedomen er privat.

Under det generelle bålforbodet er det lov til å grilla i eigen hage, i parkar og ved sjøen, så sant du har trygg avstand frå vegetasjon.

Du kan òg bruka grill- og bål- plassar som er tilrettelagde av kommunen.

Nokre råd:

  • Bålet må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale.
  • Du må ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkevatn tilgjengeleg
  • Ein ansvarleg vaksen må vere til stades
  • Det er ikkje lov å brenna søppel eller spesialavfall, som til dømes trykkimpregnerte materialar.

Kommunen og brannvesenet har laga sin eigen rettleiar for bålbrenning. På kommunen si heimeside finn du meir informasjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.