Lokal | 17. nov. 2020

To barnehagetilsette smitta av kollega

1 av 5 avdelingar ramma: Forlenga karantene for born og tilsette.

To barnehagetilsette smitta av kollega
Alle avdelingane ved Nøtteliten er opne, bortsett frå den eine som er ramma. (Ill. bilde av Trollstuen, 1 av 5 avdelingar, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. nov. 2020 12:03

Ein av dei sju i Bjørnafjorden kommune som fredag fekk påvist covid-19, er tilsett i Nøtteliten Barnehage på Søfteland.

Ungane og kollegaene på avdelinga måtte i karantene.

I dag opplyser kommunen at to kollegaer av vedkomande òg er smitta.

– Born og tilsette ved avdelinga får forlenga karantena med to dagar, til og med måndag 23. november.

Det er ikkje mistanke om smitte til dei andre avdelingane, der kan vaksne og born møta som normalt.

– Barnehagen har gjort alt rett

– Dette er tøft for både barna, foreldre og dei tilsette i barnehagen. Det er tilfeldig at smitten råka Nøtteliten, men det er langt frå tilfeldig at situasjonen er under kontroll i akkurat denne barnehagen, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale i pressemeldinga.

– Nøtteliten barnehage har gjort alt etter boka med kohortinndeling og avgrensa kontakt mellom dei ulike avdelingane. Dette er eit godt eksempel på kvifor vi har desse reglane, og kvifor det er viktig med gode rutinar.

Laurdag var det eitt nytt smittetilfelle, søndag var det fem, i går fekk sju innbyggarar i Bjørnafjorden kommune påvist covid-19.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.