Politi | 25. sep. 2021

Basketak på ungdomsfest

Mann som tok bilde av hus, krangel mellom to menn og kamp mellom ungdomar var blant det politiet fekk melding om fredag.

Basketak på ungdomsfest
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. sep. 2021 08:59

Fredag i 23.30-tida blei det meldt om amper stemning mellom nokre ungdomar ved eit festlokale nær Os sentrum.

– Krangelen var mellom nokre ubudne gjestar, og nokre tenåringsjenter skal ha vore involvert i eit basketak, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

– Då patruljen kom til staden var basketaket over. Ingen ønskte å melda noko og ingen var fysisk skadd. Patruljen blei verande på staden for å forebygga yttarlegare konflikt.

To menn i klinsj

Tidlegare på kvelden, i 20.30-tida, kom det melding om ordensforstyrrelse på ei privat adresse.

– Ein mann i 60-åra og ein mann i 30-åra var involvert. Mannen i 30-åra fekk pålegg om ikkje å oppsøka den andre mannen, eit pålegg som gjeld fram til klokka 08 laurdag.

Reagerte på fotografering

Fredag formiddag i 10.30-tida fekk ein huseigar i Hjortestien melding frå ein nabo.

Naboen hadde observert at ein bil hadde køyrd opp på tunet hans og tatt bilde av huset.

– Det er ingen kjent årsak til bildetakinga. Politiet har ikkje sett noko til bilen eller mannen som tok bilder, og det er heller ikkje kome inn meldingar om tilsvarande åtferd andre stadar i distriktet, seier Grindstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.