Politi | 21. sep. 2021

Tydeleg tilbakemelding frå «usynlege» syklistar

Gav tilsnakk etter nestenulykke, fekk beskjed om å halda kjeft.

Tydeleg tilbakemelding frå «usynlege» syklistar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. sep. 2021 08:08

Måndag klokka 20.21 blei politiet oppringt av ein mann som hadde køyrd på Hatvikvegen retning ferjekaien.

– Han hadde hatt ei nestenulykke då han tok igjen to gutar som såg ut til å vera i 12-årsalderen. Dei sykla, men utan refleks, og var vanskelege å sjå i mørket, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Då bilisten stoppa og prata med dei, for å fortelja kor vanskeleg dei var å sjå, skal han ha fått ei tydeleg tilbakemelding; «hald kjeften på deg!».

– Dei to unge syklistane skal ha køyrd inn på ferja. Bilisten ville vi skulle møta dei med ein patrulje på Venjaneset, for å oppmoda dei om bruk av lys og refleks, men det skal ikkje ha vore ledig kapasitet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.