Politi | 23. sep. 2021

UP stoppa fire på Ulvenvegen

Hadde fartskontroll på Ulvenvegen.

UP stoppa fire på Ulvenvegen
UP sto vis a vis avkøyrsla til Kloppamyra og vinka inn dei som køyrde for fort i 50-sona. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. sep. 2021 07:14

Ein UP-patrulje hadde fartskontroll på Ulvenvegen onsdag ettermiddag.

Politiet sto vis a vis avkøyrsla til Kloppamyra og vinka inn dei som køyrde for fort i 50-sona frå Ulven til Skeie.

– Kontrollen varte i tre kvarter. Fire bilistar fekk forelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste fart blei målt til 65 km/t.

Det kvalifiserer til 4.050 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.