Brann og beredskap | 01. nov. 2023

Båt gjekk ned i brygge på Steinneset

Brannvesenet ber eigar melda seg.

Båt gjekk ned i brygge på Steinneset
Brannvesenet på staden etter tips frå tre gutar i går. (Foto: Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 01. nov. 2023 13:11

I går fekk Midtsiden tips av nokre ungdommar om båt som hadde gått ned i Os hamn.

Båten ligg på botn under gjestebrygga på moloen på Steinneset.

Båten er så vidt synleg frå overflata. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Båten er så vidt synleg frå overflata. (Foto: Susann Haukeland Børnes)

Brannvesenet er informert og var på staden i går for å undersøkja. Der blei det konkludert med at dei må dykka for å finna ut meir.

Brannsjef Erik Walden har hatt dialog med politiet, men ingen av dei veit kor tid båten gjekk ned eller kven sin det er.

Båen låg i ein av dei midterste båsane nærmast bubilparkeringa. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Båen låg i ein av dei midterste båsane nærmast bubilparkeringa. (Foto: Susann Haukeland Børnes)

– Dersom den som eig båten ser dette ønskjer vi dialog, opplyser Walden.

Walden fortel vidare at dei ønskjer tips dersom nokon har kjennskap til eller veit noko om kva som kan ha skjedd med båten.

– Det som er snodig er at det ikkje er restar av fortøying etter båten. Vi har ikkje noko klart bilde på korleis båten har gått ned.

Éi av utfordringane dei har no, er fare for forureining, blant anna frå diesellekkasje.

– Dieselen er så tynn at vi ikkje får sugd den opp med lensene våre. Den spreier seg raskt til eit større område før den fordampar.

– Fordampningsprossessen tar mykje lengre tid no når det er så kaldt ute.

Brannvesenet har plan om å gå ned med dykkarar, men det blir ikkje før neste veke, då dei i desse dagar er opptatt med seminar saman med naboar i Vest brann- og redningsregion.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.