Lokal | 20. nov. 2023

Båten «Snøgg» varig verna

Riksantikvaren har gitt båten «SNØGG» vernestatus.

Båten «Snøgg» varig verna
«SNØGG» ved Oskaien attmed «HITRA» i 2019 i samband med minnemarkeringa for bergingsaksjonen. (Foto: Kjell Harald Lunde)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmandag 20. nov. 2023 10:05

«Snøgg» har fått status som verna, melder Os Sogelag i ei pressemelding i dag.

Vernestatus for «SNØGG» er eit første, viktig steg for å kunna ta vare på dette krigsminnet for ettertida.

Neste steg er å rehabilitere båten.

«SNØGG» er ei 29 fot lang skøyte bygd ved Henrik J. Askvik og sønner i 1926.

Båten har hatt fleire eigarar, den siste var Ole T. Lunde.

I dag er Os Sogelag den formell eigaren. Men det er planar om å skipa ein eigen foreining/lag som kan føra arbeidet med å ta vare på dette verdfulle krigsminne vidare.

På slipp i 2019, for overfladisk vedlikehald. No treng ny eigar sterkare lut. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògOvertok eigarskapen til MS «Snøgg»

«Snøgg» var sentral i operasjonen som berga dei seks kanadiske flygarane som naudlanda på Haugland i Os hausten 1944.

Etter å ha lege i skjul ei tid i Botnahytta i Samnanger, vart flygarane tatt om bord i «Snøgg» i Lønningdal.

På mirakuløst vis og i fullt dagslys makta skipar Lars Orrebakken å gå klar dei mange tyske vaktbåtane i Bjørnafjorden.

Flygarane vart sette av ved Ospsøy aust om Huftarøy, og vart deretter transporterte vidare til Kjøpmannsholmen i Austevoll.

Nokre dagar seinare vart dei henta av Shetland-Larsen med «VIGRA».

Det vert sagt at dette er den einaste gongen at eit havarert, alliert flymannskap klarte å koma heilskinna ut av tyskokkupert område under den 2. verdskrigen.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.