Os Durspelsamskipnad spelte under Oselvarfestival i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Båtfestival med vind i segla

Bildeserie: Godt publikum og tett med unge båtbyggarar i Hamnevegen.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag starta med gratis frukost og opning av Bondens Dag i Os sentrum.

Klokka 11 opna også Oselvarfestivalen.

– Det sto unge båtbyggarar klare du vi rigga opp dam og delte ut emne, fortel Ella Mørtsell, lærling ved Oselvarverkstaden.

Å bygga båt er gratis, men ville du ha båt nummer to måtte du ut med ein tiar.

Song og durspel

Mens ungane jobba sjølvstendig med hammar og spiker samla dei vaksne seg ved nabonaustet, Oselvarnaustet.

Os Mannskor opna med ei frisk framføring av «Sacramento», med Bjørn Hagen som forsangar, før dei heldt fram med Jimmy Øvredal si shanty, «Heimefiskar».

Os Durspelsamskipnad heldt fram med «Stine frå Steinestø».

Etter konsertane, som i år kunne haldast utandørs i lettskya vêr, var det duka for å testa oselvar. Med litt vind blei det segling i staden for kapproing i år.

• Sjå fleire videosnuttar på Midtsiden sin Instagram-konto.

A post shared by Midtsiden.no (@midtsiden) on

Fleire saker