Kultur | 06. sep. 2012

The Beauty tilbake til Os

Jens Erik Aasmundseth sitt nye band, The Beauty, debuterte til stormande jubel på Søfteland i sommar. Fredag varmar dei opp for 90-talsheltane i Pogo Pops i Bergen, laurdag speler dei i Os igjen.

The Beauty tilbake til Os
The Beauty etter debuten på Søfteland i juli. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. sep. 2012 07:38

Jens Erik Aasmundseth, kjent frå blant anna Major Parkinson, har i bandet The Beauty med seg bandkollega Alf Borge (også kjent frå Turbostipend og Idol), Magnus Johansen (keyboard) og osingane Eirik Søfteland (trommer) og Leif Herland (bass), begge frå KingCalling.

Deira første konsert var i teltet laurdagen under årets Søfteland Rock N LOL, og det tok heilt av.

Les òg: Rock N LOL 50 % opp

– Vi følte at vi var på heimebane, med osingane frå KingCalling med i bandet, i tillegg til Giuliano Antonio LoMonaco frå same band, som sto for koring, perkusjon, god stemning og stage-dive, seier Jens.

– Det var heilt rått med sånn stemning og så mykje publikum. Vi fekk også fleire fine tilbakemeldingar etter at vi gjekk av scenen.

I studio

Etter debuten på Søfteland har bandet stort sett vore i øvingslokalet og i studio og jobba med nye låtar.

– Vi har 15-16 låtar no og held på med innspeling av den første EP-en vår.

– Sidan keyboardisten vår har vore opptatt med mastergrad på skule i Wales har det ikkje blitt spelejobbar sidan Søfteland, men no får vi han heim for å ta to tette.

På Bar2Be laurdag

Fredag går The Beauty på scenen igjen, då for å varma opp for Pogo Pops på Ricks i Bergen.

Laurdag går turen til Os og Bar2Be.

– Vi blir einaste band denne kvelden så vi får tid til å servera publikum både låtar dei høyrde på Søfteland i sommar og fleire nye.

– Sjansane er også store for at den populære maskoten vår dukkar opp. Kaninen liker seg godt i Os, les Aasmundseth.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.