Leiteaksjon etter sakna mann: Ber folk sjekka garasjar og uthus
– Vi har få og usikre spor å gå etter.


I 23-tida torsdag, etter nokre søk nær heimen til sakna, sette politiet i gang ein leiteaksjon.
Vladislav Kuzmich (27) blei meldt sakna onsdag i 19-tida.
Aksjonen, som held fram i dag, er nær heimen hans på Sælehaugen på Søfteland og innover mot Gåssand, og inkluderte Røde Kors, Norske Redningshundar, frivillige og helikopter med varmesøkande utstyr.
– Vi har få spor å gå etter, men ein usikker observasjon av noko som kan ha vore den sakna som gjekk tur, og noko begrensa teledata, gjorde saman med avhøyr av folk som kjenner han til at vi sette i gang aksjonen, seier innsatsleiar, politioverbetjent Atle Birkeland.
Politiet har vore i kontakt med mannen sin familie i Ukraina, og dei har samtykka i at politiet går ut med etterlysing med fullt namn.
– Det er foreløpig ikkje noko som tyder på at han har vore utsett for noko straffbart, eller at han har forflytta seg vekk frå Søfteland, men vi ønskjer fleire tips, for vi har lite å gå etter.
Politiet har oppretta tipstelefon med nummer 47696060.
Sist nokon hadde kontakt med han var tysdag morgon, då han meldte ifrå om at han ikkje kom på jobb på Kronheim Grønt på Skeie, for han følte seg dårleg.
Sakna bur med ein kollega på Sælehaugen på Søfteland.
Då kollegaen kom heim tysdag ettermiddag var Kuzmich vekke. Han kom ikkje heim på kvelden eller på jobb onsdag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.