Bjørnafjorden kommune | 05. mars 2022
Ber om hjelp til å husa flyktningar
Kommunen ber huseigarar med ledig plass ta kontakt.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 05. mars 2022 10:39
Bjørnafjorden kommune ønskjer å ta imot flyktningar som er ramma av krigen i Ukraina og ber innbyggarane ta kontakt om dei har husvære å tilby.
– Vi har enno ikkje fått melding frå IMDI og Statsforvaltaren med oppmoding om å ta imot flyktningar, men vi vil førebu oss på at denne oppmodinga snart kan koma, skriv kommunen på sine heimesider.
– Vi kan få behov for å ta imot flyktningar raskt.
Kommunen ber huseigarar med ledig areal ta kontakt, og å merka epost med sak 22/1858.