Kultur | 04. mars 2022

Støttekonsert: Med Aurora på plakaten

Vil samla inn pengar til Flyktninghjelpen sitt arbeid for Ukraina.

Støttekonsert: Med Aurora på plakaten
Solbakken i går, f.v.: Midtseter, Haaland, 2 x Mæland, Johnsen, Vik, Mæland, Aksnes og Hægland. (Foto: Vidar Langeland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. mars 2022 13:25

Lokale musikarar har lange tradisjonar for å stilla opp på støttekonsertar.

Lokale eldsjeler har lange tradisjonar for å ta initiativ.

– Eg fekk ikkje fred på meg etter invasjonen, og ringte Arne Mæland, seier Øyvind Hægland.

Dei to har tatt initiativ til ei rekkje støttekonsertar frå solidaritet med Thailand etter tsunamien i 2004, blant anna Haiti i 2010, Syria i 2015, Jemen i 2018 og Dropen i Havet i 2020.

Etter «200 telefonar på tre dagar» og eit møte med fleire aktørar, er både artistlista og dei formelle arrangørane klare.

Konserten blir i Os kyrkje søndag 13. mars klokka 19.30.

Arrangørar er Os Kulturutvikling, Os kyrkjelyd og Galleri Solbakkestova.

– Det er ei heilt fantastisk velvilje blant musikarane, og vi føler oss spesielt heldige når verdsstjerna Aurora både har tid og lyst til å stilla! seier Øyvind.

– Dei som verkeleg yter denne kvelden er musikarane på scenen, dei fine konferansierane og dei arbeidssomme lydteknikarane Arthur Håkon Botnevik og Nils Midtseter. Vi initiativtakarar er berre løpargutar.

Det vil også bli appell og talar, blant anna av minst ein av ukrainerane som bur i Os.

Konferansierar: Marie Lunde Bruarøy og Geir Magne J. Moberg

Musikarar og band:

  • Aurora
  • Eirik Søfteland og Olav Skorpen
  • Mighty Magnolias
  • Øyvind Hægland, Knut Inge Johnsen og Ole Amund Gjersvik
  • Anna Neset
  • Kari Fjeldstad, Aasmund Brekke, Arne Hernes og Nils Midtseter
  • Jan Haaland, Olav Skorpen og Nils Midtseter
  • Kristine Bjånes

Det blir ikkje selt billettar, men fri entré og frivillig støtte via VIPPS 89773 til «Os Kyrkja Arrangement».

Inntektene går uavkorta til Flyktninghjelpen.

Mange gode resultat

Sjølv om det stort sett alltid har vore fri entré, har støttekonsertane både generert donasjonar frå kommune, næringsliv og bankar, og hausta mange gode bidrag på sjølve konsertdagen.

I 2004 blei det samla inn fleire hundre tusen til hjelp etter tsunamien, i 2010 kom det inn over 50.000 til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for Haiti og i 2015 blei det samla inn over 100.000 kroner til Amadia sitt arbeid for flyktningar frå Syria.

Under ser du video og bildeseriar frå fleire av dei tidlegare konsertane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.