Bjørnafjorden kommune | 08. des. 2021

Manglar bustad til tre store barnefamiliar

Den første familien kjem i neste veke.

Manglar bustad til tre store barnefamiliar
Flyktningekonsulent Knut Venge må ut og be bygda om hjelp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. des. 2021 11:35

Bjørnafjorden kommune skal i neste veke ta imot årets siste 6 av 22 kvoteflyktningar, men har problem med å finna passande bustad til firebarnsfamilien.

– Vi får tre storfamiliar i tida som kjem, éin familie i neste veke og den neste i februar. Kommunen har bustadar, men ikkje med tre eller fleire soverom, seier flyktningekonsulent Knut Venge.

Han har sjekka Finn og vore på synfaring. Utfordringa er at Nav har ei maksgrense på 10.000 kroner i månadsleige, og dei ledige husa ligg på prisar frå 12.000 til 19.000.

– Om det er nokon som har ein ledig bustad til ein pris som vi kan akseptera, set vi stor pris på om dei tar kontakt.

Venge og kollegaene førebur huset med møblering og vask, og kan også hjelpa utleigar å rydda bustaden klar, sidan tida er knapp.

– Kva er alternativet?

– Alternativet er at dei blir verande på asylmottaket i Kristiansand til over nyttår, men vi må uansett finna bustad seinast i starten på januar.

– Kan bustaden vera kvar som helst i kommunen?

– Nesten. Det bør vera akseptable bussruter i området. Familien skal koma seg til og frå barnehage, skule og vaksenopplæring.

Velkomst og oppfølging

Familien som har planlagt ankomst Bjørnafjorden i neste veke blei evakuerte saman med dei norske frå Afghanistan då Taliban i august tok over styringa.

Ungane er frå barneskule og ned i alder.

– Korleis er dei første vekene til ein flyktning eller familie etter ankomst frå asylmottak?

– Vi møter dei på Flesland, togstasjon eller busstasjon og tar dei med oss til bustaden. Denne er på førehand utstyrt med kvitevarer og TV, og vi har kjøpt inn litt mat, såper og andre forburksvarer.

Venge har kollegaer som snakkar arabisk og to ulike afrikanske språk, om ikkje dette held leiger dei inn tolk.

Dei første dagane går med til å skaffa dei nye innbyggarane ID-kort, konto og BankID. Så er det rett i barnehage, skule og på vaksenopplæring.

– Dei vaksne får løn for å gå på vaksenopplæring, og dei betaler skatt og må skriva sjukmelding om dei er vekke. Som god tilpassing til arbeidslivet.

Over to år får dei 500 timar norskopplæring og 50 timar samfunnsfag. Så er det ut i arbeidspraksis.

– Alle sitt ansvar

Noreg tar imot 3000 kvoteflyktningar i året, av desse har Bjørnafjorden kommune takka ja til å integrera 20 i året.

I 2020 kom det 11, i år landar vi på 22 frå 6 ulike nasjonar og neste år er det venta 13.

– Flyktningane er kommunen sitt ansvar i inntil fem år.

– Vi i flyktningetenesta er ansvarlege for å hjelpa med det praktiske, men sånn eg ser det er heile lokalsamfunnet ansvarlege for å ta godt imot flyktningane.

– Anten det er å slå av ein prat for å gi dei vaksne god språktrening, vera ein god nabo eller vurdera jobbsøknaden deira - alt er til hjelp. Det mest akutte no, er å finna bustad, seier Knut Venge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.