Brann og beredskap | 17. feb. 2022

Ber om hjelp til å kartlegga oljetankar

Det vart ikkje gjort ein god nok jobb då kommunane tok i bruk nye arkivsystem.

Ber om hjelp til å kartlegga oljetankar
Svein Rune Frantzen og Ingrid Øksnes. (Foto: Bjørnafjorden brann og redning)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. feb. 2022 08:44

I Noreg finst det rundt rekna 270.000 nedgravne oljetankar (2017-tal).

Forbodet mot bruk av fossil fyringsolje til oppvarming vart gjeldande frå 01.01.2020, og kommunane er ansvarlege for å kartlegge og risikovurdere oljetankane i kommunen.

– Vi har berre tre registrerte oljetankar i systemet, men eg veit at vi har mange fleire, fortel Ingrid Øksnes i ei pressemelding frå brannvesenet.

Ho kjenner tilhøva på «rett side av fjorden» godt, og skal saman med kollegar i Bjørnafjorden brann og redning, kartlegge omfanget av nedgravne tankar på begge sider av Bjørnafjorden.

– Det er store mørketal, vi veit ikkje kor mange oljetankar som finst i kommunen. Dersom vi får ein lekkasje med for eksempel fyringsolje, kan dette få store konsekvensar for vassdraga våre, seier Øksnes.

Kan ikkje gå frå dør til dør

Det vart bygd mange einebustader med oljefyrt oppvarming frå femtitalet fram til midten av åttitalet.

Det vart ikkje gjort ein god nok jobb då kommunane tok i bruk nye arkivsystem, og dermed har ein ikkje fullstendig oversikt over det totale antalet oljetankar i Bjørnafjorden.

Stødig på labben: Frank Tøsdal (t.v.) og Thomas Olsen må vera varsame når gamle tankar skal fjernast frå hagane i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg– Alternativet kan bli svært dyrt

– Dette ønsker vi no å gjere noko med, men Bjørnafjorden brann og redning treng hjelp frå innbyggarane dersom vi skal få dette til, seier brannførebyggar Svein Rune Frantzen.

– I første omgang ønsker vi å registrere oljetankar nær vatn og vassdrag, då det er i desse områda ei forureiningshending kan få størst følger. Dersom vi veit kor mange tankar som finst og ikkje minst kor dei befinn seg, kan vi både begrense risiko for og konsekvensane av ei uønska hending.

– Vi kjem til å nytte sms og elektroniske eigenmeldingsskjema, slik at Bjørnafjordingane sjølve kan melde inn dersom dei har ein oljetank i hagen.

– Dersom vi skal gjere det på gamlemåten og gå frå hus til hus kjem vi aldri i mål. Dette er ei effektiv og tidsbesparande metode for å registrere det faktiske antalet.

Fare for forureining

– Sjølv om tanken er tom, kan ein lekk tank medføre store forureiningsproblem.

– Storleiken på tankane varierer frå 600 liter til fleire tusen, det seier seg sjølv at desse bør sikrast og sanerast, slik at vi i størst mogleg grad unngår uønska hendingar med oljelekkasjar i nærmiljøet vårt, seier Frantzen.

– Dersom Bjørnafjordingane er med på denne dugnaden, kan vi trygge miljø og naturopplevingar for små og store bjørnefjordingar, også i framtida.

Huseigar sitt ansvar

Det er mange huskjøparar som har fått seg ei overrasking etter overtaking.

Oljeomn og dagtank har gjerne blitt bytta ut med reintbrennande eldstad, men ved fleire tilfelle viser det seg at oljetanken ikkje er fjerna.

Bjørnafjorden brann og redning vil i desse dagar sende sms-ar til husstandar som ligg i nærleiken av vatn og elver.

– Målet med ein digital kampanje er å sjå om vi får den effekten vi ønsker, slik at vi kan nytte digitale informasjonsverktøy i større grad, også i framtida.

– Covid-19 har gjort at vi ikkje har kunnet gått tilsyn og oppsøke folk heime som før, og vi måtte derfor finne nye metodar for å få gjennomføre samfunnsoppdraga våre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.