Politi | 13. sep. 2021

Bil køyrde i autovernet

Ingen personar blei skadd.

Bil køyrde i autovernet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. sep. 2021 07:12

Politiet har hatt fleire helserelaterte oppdrag i helga, og fortel om berre to hendingar utanom; eit trafikkuhell og noko feststøy.

– Laurdag i 20.30-tida blei det meldt om eit trafikkuhell ved Skogavatnet på E39, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Ein bil hadde køyrd i autovernet på Hetleflåten. Det var to personar i bilen, ingen av dei blei skadd. Bilen blei henta av bergingsbil, politiet var ikkje på staden.

Laurdag i 23.30-tida fekk politiet melding om uro på ei adresse sør for Os sentrum.

– Meldinga gjekk ut på fulle og støyande ungdomar. Patruljen køyrde til staden, men ungdomen var verken fulle eller støyande då politiet kom fram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.