Politi | 09. sep. 2021

Fann narkotika i bil

Det er ikkje tatt beslag i førarkortet.

Fann narkotika i bil
(Ill. foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. sep. 2021 06:34

Onsdag klokka 10.37 blei ein bil stoppa på E39 på Røykenes av ein UP-patrulje.

– Det blei funne narkotika i bilen. Bilen blei parkert og sak er oppretta, fortel politioverbetjent Anne Lyssand ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Bilførar, ein mann i starten på 30-åra, blei tatt med for blodprøvetaking. Det er ikkje tatt beslag i førarkortet.

Fekk fleire meldingar om rusa mann

Onsdag kveld fekk politiet melding frå fleire som reagerte på ein rusa mann ulike stadar nord for Os sentrum.

Dei såg etter mannen to gongar utan å finna han, på tredje forsøk, i 23.30-tida, møtte dei han.

– Mannen blei framstilt for lege og fekk etterpå pålegg om å halda seg heime til neste dag.

Øvde på handtering av valdeleg situasjon

Observerte du større politistyrker samla onsdag kveld?

Frå klokka 18.30 til 21 hadde politiet ei PLIVO-øving.

PLIVO står for «pågåande livstrugande vald».



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.