Politi | 28. feb. 2022

Bilførar var brisen - bileigar var passasjer

Begge er meldt etter kontroll søndag morgon.

Bilførar var brisen - bileigar var passasjer
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. feb. 2022 08:57

Søndag i 09-tida hadde UP saman med lokal patrulje trafikkontroll nær Os sentrum.

– 95 køyretøy blei kontrollert. To personar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, ein tredje er mistenkt for køyring med promille, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande, ein mann i 50-åra, skal heller ikkje ha hatt gyldig førarkort. Bileigar, ein mann i slutten av 20-åra, var passasjer. Han er meldt for å overlata bilen til ein som ikkje har lov til å køyra.

Ulovleg øving

UP hadde også trafikkontroll i Os fredag morgon.

– Einaste reaksjon var ein som var på øvelseskøyring.

– Ledsager oppfylte ikkje alle vilkår, og er meldt.

– Betyr det førarkortbeslag?

– Nei, det treng det ikkje å bety. Det står ikkje notert kva som var mangelfullt, og uvisst kva reaksjon vedkomande risikerer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.