Øyafest | 28. jan. 2023

Björn Rosenström til Øyafest

Sleppte fire namn under fest for frivillige i kveld.

Björn Rosenström til Øyafest
Svenske Björn Rosenström blir sistemann på scenen laurdagen under Øyafest. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. jan. 2023 20:40

Årets Øyafest blir er utvida frå 2 til 3 dagar og blir av pratiske årsaket arrangert tidlegare på sommaren enn debuten i 2022.

Til Øyafest 2023, som går av stabelen torsdag 29. juni til laurdag 1. juli, har arrangørane frå før kome med to namn:

Busserulls og Stavangerkameratene.

I kveld er det fest i ungdomshuset i Øyane for alle som jobba frivillig førre festival.

Under festen har arrangørane sleppt fire nye namn:

Björn Rosenström, Hilde Selvikvåg, Coverheads og Roll & Rock.

Artistane fordeler seg over dei tre kveldane.

Sleppet blei mottatt med jubel av rundt hundre på festen i kveld.

– Rosenström er ein kar fleire i 20- og 30-årsalderen har høyrd på fest i ungdomsåra. Han blir sistemann på scenen laurdag, fortel festivalsjef Tommy Aasen.

Rosenström er kjent for humoristiske og grove tekstar på svensk, som låten «Raggarrock», og kan koma til å setja den rette stemninga før folk skal på nachspiel.

Les meir om artistane og programmet:

Hilde Selvikvåg skal spela i Humrahølo torsdag, første festivalkveld. Konsertane i Humrahølo har fri entré. (Pressefoto)
Les ògØyafest 2023 - dag for dag


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.