Meining | 15. juni 2023

Bjørnafjorden Pride vil fremja innbyggarforslag

Vil be kommunen om å laga ein plan. No skal dei jakta underskrifter.

Bjørnafjorden Pride vil fremja innbyggarforslag
Illustrasjonsbilde: Maria Markus Dahl og Liv Strømsvåg på åpent styremøte i Bjørnafjorden Pride tidligere i vår (Arkivfoto: Nora Flatseth Trippestad).
Nora Flatseth Trippestad
Nora Flatseth Trippestadtorsdag 15. juni 2023 07:02

Bjørnafjorden Pride har laga eit innbyggerforslag.

Bakgrunnen er debatten som har vore i lokalmedia, som starta med Magne Djuvik (uavhengig) sin interpellasjon til kommunestyremøtet 15. juni.

Du kan lesa om kva interpellasjonen og debatten er om, i saka nedanfor:

– Innbyggarforslaget er vår respons, og vi håper at innbyggerane i kommunen kan stilla seg bak det, seier Lina Kristine Tennefoss Vatshelle, nestleiar i Bjørnafjorden Pride.

– Vi har fått veldig mykje støtte desse vekene. Støtta betyr mykje for oss, og vi veit at den betyr mykje for dei som kjenner den på kroppen.

Denne saka vil Pride fremja som innbyggarforslag:

Vi vil ha ein handlingsplan for mangfald og inkludering i Bjørnafjorden.

I juni 2023 blir Bjørnafjorden Pride arrangert for første gong. Gjennom arbeidet med Pride har vi møtt på mange menneske og historier som fortel oss at arbeidet vi gjer er viktig. Det er altfor mange som ikkje kjenner seg trygge i kommunen vår. Vi har høyrd om altfor mange som flyttar frå bygda - og ikkje kjem attende.

Mangfald, inkludering og likestilling er viktig. Dette gjeld òg mangfald når det kjem til seksuell legning, kjønn og kjønnsidentitet.

Vi vil at Bjørnafjorden kommune skal vere ein god og trygg kommune der du både kan vere den du vil og elske den du vil.

Bergen kommune har vedteke "Plan for kjønns- og seksualitetsmangfold" som inneheld mange gode tiltak for å gjere Bergen til ein tryggare by for skeive. Mange av tiltaka kostar lite pengar, men krev medvit kring temaet - og dette medvitet vil vi auke i Bjørnafjorden.

Å innføre ein handlingsplan kan vere ein god måte å betre livskvaliteten til skeive gjennom alle fasar av livet: Kommunen er til stades frå fødsel til død gjennom jordmortenester, helsestasjon, barnehage, skule, barnevern, NAV, på sjukeheim og gjennom andre helse- og omsorgstenester. Kommunen buset òg flyktningar.

Bjørnafjorden kommune har om lag 25 000 innbyggjarar og er arbeidsgjevar for 1800 tilsette.

I dag lever mange skeive heldigvis gode liv. Likevel skil seksuelle minoritetar seg frå heterofile med mellom anna:

  • Større helseproblem
  • Mindre tilfredsheit med livet
  • Fleire negative erfaringer frå arbeidsplass og studiestad
  • Mindre openheit om si seksuelle orientering

Skeive prøver i større grad å ta livet sitt enn den heterofile delen av befolkinga, og ein "Handlingsplan for mangfald og inkludering" vil vere eit fint supplement til "Handlingsplan for sjølvmordsførebygging" som kommunen allereie har vedteke.

Ein handlingsplan kan mellom anna:

  • Auke kunnskap, medvit og forståing kring kjønn- og seksualitetsmangfald både mellom dei tilsette i kommunen og hos innbyggjarane.
  • Fremje tiltak som bidreg til å redusere diskriminering, trakassering og hatprat.
  • Sikre at kommunen sine tenester er inkluderande. Her kan ein òg setje fokus på eit meir inkluderande språk i det ein kommuniserar ut til kommunens innbyggjarar og brukarar av helsetenester.
  • Å støtte og samarbeide med frivillige organisasjonar som jobbar for kjønn- og seksualitetsmangfald. Dette kan vere ein fin måte å fremje brukarmedverknad.

Dersom vi får 300 underskrifter på dette innbyggjarforslaget er kommunestyret i Bjørnafjorden lovpålagt å handsame forslaget vårt.

Vi håpar du vil signere, slik at Bjørnafjorden kommune kan bli ein trygg kommune for alle innbyggjarar - i alle fasar av livet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.