Politi | 01. nov. 2021

Blei meldt til politiet grunna manglande lys

Vegvesenet hadde kontroll på Halhjem søndag kveld.

Blei meldt til politiet grunna manglande lys
Vegvesenet hadde kontroll på Halhjem sødnag kveld. (Arkivfoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. nov. 2021 07:47

Søndag kveld hadde Statens vegvesen trafikkontroll på Halhjem.

– Det var 23 køyretøy over kontrollplass, av desse blei 3 lette og 7 tunge køyretøy plukka ut for full kontroll, opplyser John Kåre Larsen i rapport frå kontrollen.

Alle blei sjekka for periodisk kontroll og forsikring.

Hovudfokuset i kontrollen var teknisk, vekt, dokument og køyre- og kviletid. Men det var lys som var den største utfordringa.

Eitt køyretøy fekk bruksforbod grunna manglande lys på den eine sida. Førar blir også meldt for forholdet.

Av tekniske manglar var det 6 andre reaksjonar, 5 av dei handla om lys, ein av dei hadde for mykje (!) lys:

  • 2 fekk teknisk mangel på diverse lysfeil.
  • 1 vogntog fekk teknisk mangel på for mykje parklys i front.
  • 1 vogntog fekk teknisk mangel for lysfeil på tilhengar.
  • 1 fekk teknisk mangel for feil med parklys, bremselys og frontlys.
  • 1 fekk teknisk mangel på lause boltar i hjelperamme.

– Det er no mørkt store delar av døgnet, og lysutrustningen på alle køyretøy skal til ei kvar tid virka som dei skal, kommenterer Larsen.

– Det kan lett oppstå ulykker på grunn av du ikkje ser hindringar i vegbanen, eller at andre ikkje ser deg.

Utanom det tekniske blei det to reaksjonar:

Ein førar fekk gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med seg vonkort.

Tre sjåførar blei kontrollert for køyre- og kviletid, ein av dei fekk åtvaring for brot på regelverket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.