Blei rydda i tre omgangar
Var det nokon som fekk dårleg samvit etter at bosset flaut ved Os hamn i helga?


I helga fekk Midtsiden tilsendt fleire bilde og tips om boss som flaut rundt to ulike returpunkt ved Os gjestehamn.
Søndag kunne verken Os kommune, brannvesenet eller Bir seia noko om kven sitt ansvar dette var, men varabrannsjef Arne Monsen reiste ned til hamna og rydda.
Ved gjestebrygga nærmast Oseana skal turgåarar ha rydda før brannvesenet kom til staden.
Måndag blei det klart kven Os kommune har hyra inn til å henta bosset, og kva frekvens det blir henta med.
– Det er Bir Bedrift som har henting. Ved Esso står to låste hyttespann og eitt tusenlitersspann som er ope for båtfolk, seier Tina Skudal hos Bir.
– Vi har hentingar i Os måndagar og torsdagar. Os kommune har berre bestilt henting måndagen, men kan naturlegvis bestilla to dagar i veka om det er behov no i ferien.
Skudal har spurd sjåførane kvifor dei ikkje har meldt frå om auka behov.
– Vanlegvis, når vi ser at det er overfylt, tar vi bilde og sender til kunden for å informera, og for å spørja om dei vil auka frekvensen. Men dette er første gong vi har opplevd at desse returpunkta har vore overfylte.
Fastbuande syndarar?
Samtidig er det mogleg at det er andre enn båt- og bubilgjestar som har fylt opp spanna. Det var få gjestar på både bubilparkeringa og i hamna i helga, kanskje delvis fordi Tysnesfest lokka mange gjestar til motsett side av fjorden.
– Det hender dessverre at enkelte innbyggarar bruker desse spanna som avlasting for eige spann, i staden for å levera på gjenbruksstasjon. Om folk pusser opp heime kan det fort bli mykje boss.
Måndag, før bosset blei henta, hadde nokon vore og rydda ut det som gjorde at lokket sto ope.
– Det kan jo henda at nokon har fått dårleg samvit og har henta det dei har kasta ulovleg. Vi oppmodar folk om å lata gjestane få ha desse behaldarane for seg sjølv. Uansett bør ikkje folk setja frå seg avfall på utsida av ein full konteinar.