Blir Bjørnafjorden sommarjobb-meister i Vestland?
Vi utfordrar alle vestlandskommunar til å bli med på ein konkurranse: Kven klarer å tilby flest sommarjobbar til ungdommane sine?


Av: Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland, Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland, Bjarte Hysing Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, og Marcus Askildsen, leiar i Vestland ungdomsutval.
Mange verksemder og kommunar i Vestland slit med å få tak i nok tilsette med rett kompetanse. Dessverre vil kampen om arbeidskrafta bli endå hardare i åra som kjem. Vi blir færre i arbeidsfør alder, og delen eldre aukar. Samstundes står over 7000 unge utanfor arbeidsliv og utdanning i Vestland.
Både verksemder og kommunar må allereie no tenkje nytt om rekruttering. Start med å tilby ungdom sommarjobb!
Arbeidsgivarar i Vestland har eit felles ansvar for å vise fram kva arbeidslivet i regionen vår har å by på.
Vi har ei imponerande breidd i næringslivet, med verdsleiande verksemder innan mellom anna batteri- og havvindindustri, havbruk, maritim verksemd og reiseliv. I det offentlege finst det spennande og meiningsfulle jobbar innan mellom anna helse- og omsorgstenester og barnehagar.
Dessverre vel mange nyutdanna å flytte andre stader i landet for å jobbe.
Dersom arbeidsgivarar her kan tilby dei sommarjobb, trur vi sjansen er større for at fleire vel å etablere seg i vest. Ved å tilby ungdom sommarjobb er du med på å vise kva slags jobbar kommunen, verksemda eller bransjen din har å by på.
Å gi ungdom ansvar og tidleg tilknyting til arbeidslivet er langsiktig rekruttering. Sommarjobbar kan påverke vala dei unge tek om utdanning og yrke. Fleire vestlandskommunar slit med fråflytting. For desse kan sommarjobbar for ungdom bidra til at fleire endar opp med å busetje seg i heimkommunen.
Mange bransjar er òg heilt avhengige av sommarvikarar for å halde drifta oppe gjennom sommaren. Det gjeld mellom anna sjukeheimar, reiselivs- og serveringsbransjen og byggjenæringa.
Dette er bakgrunnen for at vi i fjor sette i gang prosjektet Sommarjobb i vest, eit samarbeid mellom NHO, Vestland fylkeskommune og Nav.
Vi mobiliserte verksemder og kommunar til å lyse ut fleire sommarjobbar. Saman oppnådde vi imponerande resultat, med 1070 fleire sommarjobbar – ein auke på 25 prosent frå året før.
Stor takk til alle som var med på prosjektet i fjor!
I år gir vi endå meir gass, og har mål og ambisjon om endå fleire utlyste sommarjobbar. På sikt ønskjer vi at alle unge i Vestland skal få tilbod om sommarjobb, til dømes i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande.
Sommarjobbar bidreg til å førebyggje utanforskap. Klarer vi å få fleire i den store gruppa unge utan jobb eller utdanning inn i arbeidslivet, er det vinn–vinn – for ungdomane, for arbeidsgivarane og for samfunnet.
Gjennom Sommarjobb i vest ønskjer vi òg å gjere det enklare for unge å finne aktuelle sommarjobbar i Vestland.
Oppskrifta for deg som arbeidsgivar er enkel:
- Lag ei attraktiv stillingsutlysing og legg ho ut på nav.no.
- Nedst i stillingsteksten legg du inn #sommerjobbivest eller #sommarjobbivest. Då fangar vi ho opp, og ho blir automatisk med i kampanjen.
Og kva vinn du som arbeidsgivar på å tilsetje unge sommarvikarar?
- Ekstra kapasitet og moglegheit til å halde drifta oppe gjennom sommaren
- Nye perspektiv og friske innspel frå unge medarbeidarar
- Moglegheit til å teste ut framtidige lærlingar eller tilsette
Bli med – og lys ut sommarjobb!





