Lokal | 02. juni 2016

– Blir for høgt og ruvande

Naboar reagerer på planane om utviding til 65 leilegheiter og fire etasjar i Solstrandvegen.

– Blir for høgt og ruvande
Trygve Bergmann, Steinar Birkeland og Eirik Neverdal har berekna at den neste blokka blir 6,8 meter høgre i terrenget enn den dei står foran på bilete (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 02. juni 2016 10:58

I februar 2011 fekk Solstrandvegen AS godkjent reguleringsplanen med totalt 50 leilegheiter. Også den gangen var høgda på bygga eit stridstema, då med referanse til seniorbustadene på andre sida av krysset, kor kommunen la strenge føringar for høgda.

I oktober 2015 godkjente plan- og bygningsutvalet (PBU) at ei endring av reguleringsplanen, med 70 leilegheiter, blei lagt ut til offentleg ettersyn, men med ein protokollmerknad frå posisjonen:

«H/FrP reagerer på antall einingar vert auka over dei opprinnelege 50 som vart sett på området. H/FrP meiner det er viktig at ein tek vare på dei allereie planlagde kvalitetane i det opprinnelege prosjektet og omsynet til naboane samt dei 36 som no er nye naboar. H/FrP tykkjer ei auke til 72 einingar totalt er for mykje på arealet og at ein må sjå på høgder og volum på nytt før neste handsaming. Utvalet må på synfaring før neste handsaming i PBU.»

Etter at planen har vore ute på høyring har tiltakshavar endra talet på leilegheiter til 65.

Reagerer på argumentasjonen

Dette er ikkje godt nok, meiner naboane, og ventar at politikarane i PBU står ved sitt eige vedtak når dei handsamar saka torsdag i neste veke.

– Utbyggar argumenterer med at endringa er til det beste for bebuarane og naboane. Det er vi ikkje samde i, dette er ikkje til det beste for naboane. Vi er ikkje mot utbygging, men kan ikkje godta ei høgde og volum som dette.

– Vi kan akseptere punkthus, som i det opprinnelege forslaget, men no vil dei bygga det som ei samanhengande blokk, heva grunnplanet og legga på ein etasje slik at det blir fire. Vi reagerer både på argumentasjonen og retorikken dei bruker i saksframstillinga, seier naboane Steinar Birkeland, Trygve Bergmann og Eirik Neverdal.

6,8 meter høgre

Berekningar dei har gjort syner at topp mønehøgde på dei nye husa, om planen blir godkjent, vil bli 6,8 meter høgare enn blokk A, som ligg nærast Hatvikvegen i dag.

– Vi er ikkje ein gjeng sure naboar som fryktar innsyn eller tapt sol. Dette handlar om noko større enn det. Korleis vil vi at bygda skal sjå ut og at slike prosessar skal vera.

– Då politikarane godkjende seniorbustadene nedanfor her, var dei veldig opptekne av korleis det ville sjå ut på avstand og at ein ikkje ville ha høge blokker som silhuett i horisonten.

– Dette området ligg på toppen av eit høgdedrag, og tiltakshavar vil bygga fire etasjar høgt. Det er jo i fullstendig disharmoni med landskapen og kjem til å bli massivt ruvande, noko som ein kjem til å sjå frå store delar av sentrum og Mobergshaugane.

Kva er dei utanforliggande tinga?

– Vi reagerer òg på at ein så ny plan som denne kjem opp att allereie no. Det er legitimt å få nye lyster, men i plan- og bygningslova heiter det at ein kan endra ein ny reguleringsplan når utanforliggande ting krev det. Vi kan ikkje sjå kva utenforliggande ting det skulle vera som gjer denne endringa naudsynt.

– For oss virker det som om utbyggar aldri hadde tenkt å halda seg til den opprinnelege planen om 50 bustader. Korleis kunne dei då starta med å bygge 36 leilegheiter i dei tre husa som no er i ferd med �� bli ferdig? Dei kan aldri ha tenkt å bygga berre 14 i dei tre neste. For oss virker det som om dei allereie då dei starta forutsatte at dei ville få godkjent endringa.

Må halda høgda

Dei tre er tydelege på kva forventningar dei har til politikarane torsdag.

– Vi ventar at dei står ved det dei har sagt tidlegare. For oss er hovudpoenget å få ned høgden på husværa. Politikarane kan ikkje godta ei større høgde enn det dei gjorde i den opprinnelege planen.

– Gjer dei det så havner dei i ein parodisk ueinighet med seg sjølv frå førre runde, meiner dei tre.

Midtsiden har vore i kontakt med prosjektleier Tom Arne Olsen i Solstrandvegen AS. Han ønskja ikkje kommentera påstandene frå naboane no, men heller komma tilbake til det i samband med synfaringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.