Lokal | 05. jan. 2016

Blir sikta for moped-tjuveri

Mannen som blei tatt mens han mekka i Nordmarka har erkjent tjuveriet og fortalt kvar resten av mopeden er gøymd.

Blir sikta for moped-tjuveri
Bilde av mopeden slik den sto, bortgøymd i skogen innanfor bustadområdet i Nordmarka, her då eigar var på «synfaring» nyttårsaftan. (Privat bilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 05. jan. 2016 08:22

I går kveld fortalte vi om korleis ein mopedeigar og faren sjølv avslørte tjuveriet, etter tips frå turgåar og omtale av ein episode 25. desember.

– På bakgrunn av opplysingar Midtsiden gav oss måndag, og faren til mopedeigar sjølv kom med då han besøkte lensmannskontoret i går, pågreip vi mannen som første juledag sto og mekka på mopeden.

– Han har erkjent forholdet og vil bli sikta for tjuveriet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Han har òg fortalt politiet kvar resten av mopeden er gøymd, og dei vil no forsøka å finna den.

– Eigar er no forsikringsselskapet, som i slike saker ofte kjem med regresskrav mot tjuven.

– Hadde ikkje grunnlag for beslag i jula

Mens faren til mopedeigaren både irriterer seg over tapte kroner i form av eigenandel, og påpeiker at dette burde vore ein enkel sak for politiet å oppklara tidlegare, seier Hadler-Olsen at patruljen der og då ikkje hadde grunnlag for vidare reaksjonar.

– Då vi møtte mistenkte ved mopeden første juledag hadde han ei forklaring som var vanskeleg å ettergå. Utan registreringsnummer eller rammenummer får ikkje vi juridisk godt nok grunnlag til verken å pågripa vedkomande eller ta beslag i mopeden.

Eit søk på «stolen moped» på Midtsiden ville likevel tatt politiet til ei seks veker «ung» sak med omtale av tjuveriet og bilde av same moped.

– Kunne noko vore gjort annleis for at dette kunne blitt avslørt tidlegare?

– Vi ønskjer å oppklara flest mogleg saker. Sjølv om det er mistenkeleg at nokon står i skogen og mekker på ein moped er det ikkje mykje vi kan gjera utan bevis. Mistenkte er dessutan ein kjent person for politiet og ein som vi fleire gongar tidlegare har sjekka ut mens han har skrudd på maskiner eller andre delar.

– Både når det gjeld syklar og mopedar treng vi gode kjenneteikn å gå etter. Det hender vi kjem over gods vi føler oss sikre på er stole, men der vi ikkje har nok å gå etter. Denne gong fekk vi heldigvis god hjelp av både turgåar som tipsa og av eigar som gjorde undersøkingar og kopla sakene saman.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.