Lokal | 01. juli 2017

Bør «Hamnesjefen» fjernast?

Kommentar: Saka er unødvendig vanskeleg.

Bør «Hamnesjefen» fjernast?
Avgjerda om kva som skal skje med hamnesjefen er vanskeleg (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. juli 2017 08:53

Innbyggarar og tilreisande, lokalmedia og rikspressen, dyrevenar og veterinærar har i periodar hatt glede av, og sett underhaldningsverdien av, at eit knoppsvanepar har hekka i Oselvo dei siste sju åra.

Svaner var tidlegare sjeldne å sjå i Os. Dei estetisk vakre dyra er dekorative i den idylliske bygda vår, ungane er ikkje mindre sjarmerande, same kva H.C. Andersen skriv.

Sjarmoffensiven var kanskje på topp då knoppsvaneparet blei gjenforeint etter det første sjukeopphaldet far hadde på land. Midtsiden filma svanedansen, som òg blei vist på TV2.

Med hekkinga høyrer forsvar av territoriet av svanefar sjølv; Hamnesjefen.

Han har blitt blyforgifta, fått hjelp til å få fiskekrok fjerna og blitt sponsa med operasjon etter at den eine foten blei knust, truleg av ein propell.

Fredag var svanefar på TV2 igjen, etter at Midtsiden fortalde om svanefar sitt angrep på ei barnehagejente som vassa i Mobergsvikjo.

Dette er ikkje første alvorlege hendinga med Hamnesjefen desse åra. Han har angripe ein gut i ei jolle med påhengsmotor, så guten ramla uti i fart, midt inne i hamna, og båten køyrde i ring rundt guten. Han hadde ikkje festa dødmannsknappen, heldigvis blei han ikkje råka av båt eller propell. Heldigvis hadde han redningsvest på. Ungar og vaksne er stort sett flinke å bruka vest i dag.

Ein annan båtførar i ein litt større båt blei samme sommar så distrahert av angrepa at han køyrde rett i den eine brustolpen. Også denne gong gjekk det «bra».

Kommentarane til saker vi har skrive, der det har vore snakk om ublide møte mellom Hamnesjefen og folk, har vist at Os er ei bygd med mange omsorgsfulle dyrevener. Men det er òg folk som spør om denne territoriale framferda til svana ikkje passar inn i Os hamn. Begge sider har gode argument, begge sider slår greit ned på usaklege kommentarar (det er, tru det eller ei, eit par av dei òg).

Det er ikkje tvil om at det finnest andre dyr i Os enn svaner som er i stand til å skada deg. Du kan gå på Liafjellet og få deg eit hoggormbitt, i ein stall og bli sparka av ein hest eller møta ein hund som bit deg.

Dette er irrelevant. Sannhetsvitne som fortel at dei har padla kajakk i Os hamn, og at det har gått heilt fint, betyr heller ingenting.

Hamnesjefen er ein risikofaktor for ungar i båt i Os hamn, og no også; ungar som badar i Mobergsvikjo, og det er det mest vesentlege.

Det Os kommune no må ta stilling til er om dei vil ha denne risikoen i Os hamn, som dei no bruker godt over 20 millionar kroner på å skjerma for bølgjer, og seinare vil bruka som ledd i å gjera Os meir attraktiv for turistar.

Skal familiar på båtferie koma til Os hamn, slik den er no, held det då med ein plakat borte i eit hjørne som seier «Ta omsyn til svanene»? Kven sitt ansvar er det om noko går gale grunna ei svane som Os kommune har brukt fleire titals tusen kroner i veterinærutgifter på å halda i live?

Burde det vore skilta tydeleg med «småbåtar på eigen risiko» eller eit forbod?

For familiar på båtferie vil nok, om ingen er tydeleg med å åtvara dei, gjera det dei gjer i andre hamner; gir ungane litt innføring i sjømannskap ved å lata dei kjøra eller ro åleine i slepejolla, innan synsrekkevidde for mor og far på dekk.

Det går som oftast bra. Men kva er bra? Kva minne sit desse ungane igjen med, jenta i Vikjo og guten som ramla ut av jolla? Kor mange er det som allereie ikkje startar padleturen sin i Os hamn grunna svana? Kor mange ungar i Os, på Hatvik, i Kuvågen eller Lekven, kvir seg til å køyra innom Os hamn for å fylla bensin eller kjøpa is?

Det er ikkje alltid rett å setja menneske først, men det er heller ikkje berre ei handfull folk som blir råka av at denne knoppsvanehannen oppfører seg som den gjer.

Kva om ein måse blei avliva? Eller ei av svanene i Lysefjorden, eller i Øyane eller i Hauglandssjøen? Ville saka kome innom rådhuset?

Det som truleg gjer avgjerda om Hamnesjefen si framtid noko vanskeleg for Os kommune å fatta, er at ei eventuell fjerning av Hamnesjefen ser ut til å vera omtrent som å bestemma seg for å ta livet av nokon andre sitt kjæledyr. Og eigarane er «halve» Os. Og saka kjem garantert i avisa, kanskje til og med på TV.

Det er ikkje sikkert at avliving eller forsøk på fjerning av svanefamilien er det rette. Men det er ei utfordring at svanefar blir sett på som noko meir enn éin av mange svaner i Os. Det kan gjera det vanskeleg å tenkja klart. Berre spør kommentarfeltet vårt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.