Borga på Osøyro – del 3
Lesarinnlegg: Noko som berre er trist!


No som eg er vald til leiar for den nye Foreninga Midtskogen vel er eg også med på å fronta vårt syn på hotellplanene på Mobergsneset.
No opplever eg noko som eg synes berre er trist.
Vi søkte om å få heisa opp eit segl som kan visa kor stort dette hotellet blir i høgda og korleis det vil øydelegga bumiljø i området. Det vil kommunen ikkje ha noko av. Vi blir nekta av ei leiargruppe i rådhuset, ei avgjerd som alle veit ikkje held rettsleg.
Igjen trur eg ikkje denne avgjerda er tatt av leiargruppa åleine. Dei må ha fått godkjenning under handa, politisk.
Når eg les grunngjevinga så må eg også seia at eg trur dei har brukt kommunen sin advokat for å finna grunngjevinga dei bruker, i alle fall lovkunnige folk. At grunngjevinga ikkje held, har vi også fått bekrefta gjennom pressa av anerkjend professor på offentleg rett.
Har eg rett i dette, så tyder det på at den politiske leiinga i kommune for lenge siden har tatt avgjerd om at hotellet på Mobergsneset skal bli som utbyggarane ynskjer, uansett gode argument imot.
Då blir denne prosessen berre ein farse og ikkje i tråd med det loverket seier om slike prosessar.
Beste helsing
Knut Natvik





