Debatt | 21. okt. 2025

Grov urett mot eksisterande bustadområde i sak etter sak

DEBATT: Eg har vore frustrert og forbanna mang ein gong, men no renn det over.

Grov urett mot eksisterande bustadområde i sak etter sak
Hotelltomta ved Oseana. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggtysdag 21. okt. 2025 08:52

Frå sidelina har eg som vaksen osing prøvd å følgja med på utviklinga i kommunen, særleg bustadutviklinga. Eg har vore frustrert og forbanna mang ein gong, men no renn det over.

Ein ting har gått igjen kvar gong eit nytt byggjeprosjekt vert presentert – ein gjer totalt blaffen i at det bur folk der frå før, og som har budd der lengje! Dei vert heilt overkøyrd – ikkje vist nokon respekt.

Gjennom lokalpressa vert ein stadig vekk presentert for planlagde bustadutbyggingar/prosjekt, særleg i området rundt Osøyro. Alt fint pakka inn i det forferdelege (i mine auge) skjellsordet fortetting og no også «stadtilpassing».

Hallo? Os er ei bygd og Osøyro eit bygdesenter og bør vera det i framtida, ikkje eit skambygd bygdesenter (som det etter mi meining allereie er i ferd med å bli).

Planar for Steinneset kom ganske nyleg.

Eg blir skremd, redd og forbanna når eg les om desse planane. Slik vert det når ein liten tomteflekk kjem i henda på grådige utbyggjarar. Flest mogleg einheiter på minst mulig areal: då er deira mål oppnådd, nemleg maks profitt for seg sjølv.

At det allereie er eit eksisterande bustadmiljø der folk har investert i hus og hagar i mange år spelar ingen rolle. Då kjem det fine ordet «stadtilpasning» fram. Tomprat totalt utan meining og innhald.

Til deg som er politikar i Bjørnafjorden: tenk deg nøye om korleis du ville reagert om det var du som risikerte å bli innebygd/nedbygd på denne måten. Eg trur eg veit svaret.

Konstruktive innspel om lavare hushøgder og terrassert bygging prellar av – det betyr færre bustadeiningar og mindre profitt. Heilt uinterressant for utbyggjar!

No ventar eg oppriktig at me ser nokre vaksne politikarar som set foten ned og tar utbyggjarane i øyrene og gjev klår beskjed om kven som bestemmer – nemleg politikarane på vegner av innbyggjarane, ikkje utbyggjarane!

Dersom de vil byggja her vert det på våre premissar, planane må kokast ned i samarbeid med kommunen og dei som allereie bur i området: Hvis ikkje det er greit for dykk og ikkje gjev nok profitt så takk for følgjet!

På Mobergsneset er eit gedigent, malplassert hotell under planleggjing.

Måten berørte fastbuande på oppsida av Morgergsbakkken er blitt behandla på gjer meg meir enn opprørt og er ei skam.

Det same her som andre stader – ein gjer blaffen i dei som bur og har budd i området i lang tid!

Informasjonsmøte er vel og bra, men har null verdi når utbyggjarane stiller med fastlåste planar og øyrene lukka. Berørte bebuarar ønskte å illustrera storleiken på hotellet med eit segl, men fy! slikt skal me ikkje ha noko av!

Innspel om å seinka bygget vert møtt med nei – det går utover hotellet sin profitt må veta, og det betyr tydeligvis meir for hotellfolka enn å øydeleggja eksistande bustadmiljø.

Det vert òg nemnd at det samstundes skal byggjas eit næringsbygg på fire etasjar! Kva i all verdas namn er dette for noko tull? Osøyro skal vera senter for handel og tjenester, ikkje etablera næringsareal ved Oseana der det ikkje er plass. Kutt ut næringslokala og ta ned høgda på hotellet heller.

Politikarane må veta at dei er folkevalde og skal ivareta innbyggjarane sine interesser. Det betyr, slik eg ser det, at i denne saka må dei gje klår beskjed til hotellutbyggjarane om at storleiken på hotellet må ned slik at ulempene for dei som bur bak blir borte eller heilt minimale.

Utbyggjarane vil då sjølvsagt svara at det kan me ikkje for då forsvinn lønnsemna i hotellprosjektet! Profitt, må veta! Slike argument må de som politikarar aldri ta omsyn til! Det vert knefall!

I tillegg til skadene hotellet vil påføra dei som allereie bur i området er eg djupt skeptisk til hele hotellprosjektet, parkeringsforholda , men særleg samankoblinga/samanbyggjinga med Oseana.

Det er etter mi meining ein kjempetabbe av kommunen å engasjera seg på denne måten – det kan med tida bli dyrt.

Hald eit klårt skilje mellom Oseana og hotellet!

Det vert i lokalavisene, frå utbyggjarane og i kommunen si saksutgreiing, ramsa opp ei rad med positive følgjer for Os av dette hotellprosjekt.

Personleg trur eg ikkje på dei argumenta i det heile. Os klarar seg godt vidare utan dette hotellprosjektet.

Politikarane i kommunen må etterkvart vakna og visa seg vaksne. Os og Bjørnafjorden har vore, er og skal framleis vera ei bygd. Ikkje øydelegg den ved å gjere heile sentrumsområdet om til eit duekleivliknande område (som det diverre alt langt på veg er blitt).

Terje Sperrevik vert i OFP sitert slik: «Dette er ikkje ei balansert utbyggjing. Det er for stort og voluminøst. Vi må ta innbyggjarane meir på alvor, understreka han.» Klok tale!

Til sist eit spørsmål til deg politikar som er med og styrer utviklinga: du er innvald for å tala innbyggjarane si sak. Trur du fleirparten av innbyggjarane er samde med utviklinga me ser?

Mi erfaring er at det ikkje er tilfellet.

Med helsing
Kåre Askvik

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.