Lokal | 18. okt. 2018

Botnahytta står i fare

Bergen tingrett har nyleg gjeve grunneigar medhald i å flytta krigsminnesmerket som har sterke band til Os.

Botnahytta står i fare
8. mai 2016 vart det delt ut heidersmedaljar ved Botnahytta. (Foto: privat) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 18. okt. 2018 13:31

Det er NRK.no som i dag melder at hytta i Samnanger no står i fare for å forsvinna.

Hytta vart i 2015 restaurert tilbake til originale stand, mellom anna med midlar frå Riksantikvaren. Hytta er i dag eigd av Finn Øvredal, og ho har status som krigsminnemerke hos Riksantikvaren, men Øvredal eig ikkje grunnen som hytta står på.

30 år med strid

NRK fortel om ein 30 år lang strid mellom grunneigar og eigar av hytta, som ligg til grunn for dommen i Bergen tingrett.

Grunneigar ønskjer hytta fjerna frå eigedomen, mens hytteeigar vil bevara ho der ho ligg.

Avdelingsdirektør hos Riksantikvaren, Hanna Geiran, uttaler til nrk.no at dei ikkje visste om striden då dei bevilga pengar til restaurering i 2015.

Geiran legg til at Botnahytta vil mista sin verdi som krigsminnesmerke om den vert flytta;

«Plasseringen av hytten er veldig viktig her, fordi motstandsfolkene brukte den som skjulested. Vi kan ikke anbefale at hytten flyttes».

Little Canada

Botnahytta vart bygd i 1940-41, og grunna den avsides plasseringa vart ho funnen ypparleg til å gøyma flyktningar under krigen.

For osingar er ho mest kjent for å ha husa det kanadiske flymannskapet som måtte naudlanda på Søre Neset i september 1944.

Mannskapet låg i skjul i fleire døgn i Botnahytta, eller «Little Canada» som dei kalla ho før dei vart smugla vidare til Shetland.

8. mai 2016 vart to norske krigsvetaranar heidra ved Botnahytta, staden dei nøyaktig 71 år tidlegare hadde overnatta mot slutten av krigen.

I januar 2017 kunne filmregissør André Øvredal fortelja at han hadde eit ønskje om laga ein ein krigsfilm, nettopp om den dramatiske redningsaksjonen av det kanadiske flymannskapet.

Kan reddast

Hanna Geiran hos Riksantikvaren fortel til NRK at det einaste som kan redda Botnahytta no, er at Samnanger kommune og Hordaland fylkeskommune i fellesskap tek initiativ til å freda hytta.

Fylkeskonservator ved Hordaland fylkeskommune, David Aasen Sandved, skriv i ein e-post til NRK at dei vil kalla inn partane til eit møte for å prøva å koma til einigheit.

– At eit unikt krigsminnesmerke som Botnahytta skal «fjernast eller rivast» vil etter vår vurdering ikkje vera ei aktuell løysing, skriv Sandved vidare.

Grunneigar vil ikkje uttala seg om saka, men seier i ein kommentar til NRK at dei er glade for å vera ferdige med saka.

Du kan lesa meir om dei dramatiske septemberdagane i Arnfinn Haga si bok Nødlanding (2010).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.