Scene | 01. juni 2021

Brekke og Torget til Os på ny turné

Onsdag er det premiere, torsdag kjem dei erfarne komikarane til Elvehuset.

Brekke og Torget til Os på ny turné
– Os er viktigast, alt anna er oppvarming eller nedkjøling, smiskar Roar Brekke (t.v.). (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. juni 2021 13:53

Etter fullsett ølsmaking og vinkurs i førre veke, står standup og konsert med Raincoat Billy på plakaten hos Elvehuset komande helg.

Standup er med erfarne Roar Brekke frå Odda, nominert til Komiprisen 2016, og stuntpoet og kvinnheringen Arne Torget, som var kjent ei god tid før du såg han ta seg til semifinalen i Norske Talenter.

For tida er dei kjent som FHI (Folkehumorinstituttet).

– Men vi skal ikkje dvela ved pandemien, vi skal vera lettbeinte og folkelege, lover Brekke.

Premieren er i Odda i morgon, dagen etter er dei på Elvehuset i Os.

– Vi skal innom 17 plassar på Vestlandet, frå Kristiansund i nord til Sandnes i sør. Os er viktigast, alt anna er oppvarming og nedkjøling, smiskar han.

Dikt og mimikk

Torget, som kan skriva dikt om kva som helst på strak arm, skal koma med poesi om både Lothepus og bubil.

Brekke sjølv avslører at han skal snakka litt om vestlendingane sitt manglande kroppsspråk, og forklara kva den vesle mimikken vi faktisk utfører betyr.

Kroppen skal Brekke vera god med frå før, showet Kroppsøving blei spelt 120-130 gongar rundtom i Noreg.

– Det er nokre år sidan. No er det ikkje mykje kropp igjen, berre kjeftament.

50 plassar

Jostein Eck fortel om fullt hus førre helg, godt sal av billettar til boblekurs i august, ferskt løyve i ølbrygging (dette kjem vi tilbake til) og halvselt konsert med Raincoat Billy førstkomande laurdag.

– Men billettsalet til Folkehumorinstituttet har eg ikkje kontroll over, dei har leigd seg inn og styrer dette sjølv.

Showet blir halde i 2. etasje i Elvehuset, og det er berre 50 billettar for sal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.