Bygda rundt for å halda gratis kurs – frå null påmeldte til fullt hus
– Éin krins skil seg ut, seier Kristian Strønen frå Os Røde Kors.


Måndag til torsdag denne og neste veke er Os Røde Kors ute i krinsane for å arrangera gratis kurs i førstehjelp.
– To av dei åtte kursa er her i Røde Kors-huset, dei andre seks er ute i krinsane. Det er første gong etter pandemien at vi køyrer eit så omfattande kursprogram ute i krinsane, seier Kristian Strønen.
Han er kursansvarleg og éin av dei fire som desse vekene er instruktør.
Frå null påmeldte til fullt hus
Opplegget er ein del av ein kampanje av Hordaland Røde Kors.
Kampanjen har tittelen «Den første på stedet er deg».
Det er plass til frå 6 til 16 deltakarar per stad ute i krinsane.
– Blir det færre enn seks så avlyser vi.
Turneen startar for full sal i Lysefjorden i dag.
– Der var det ein venninnegjeng som drog med seg ektefeller og naboar, og då blei det fort fullbooka.
Så held det fram med Søre Øyane, Nore Neset og Strøno.
– I Øyane er det éin påmeldt, i min heimkrins Strøno er det ingen. Eg hadde trudd at nokre av dei mange som jobbar frivillig under Øyafest ville melda seg på, vi treng fleire enn éin for å stilla.
På kursa har instruktørane med seg åtte dukker og åtte hjartestartarar.
Fin rekruttering, men aukande behov
I førre veke, før kurs-turneen starta, var det ein stor redningsaksjon i Os. Den enda godt, og tidsnok til at politi og anna redningspersonell kunne runda av basen dei hadde i Røde Kors-huset.
På kvelden torsdag var det nemleg informasjonsmøte for folk som vurderer å melda seg til éitt av fleire tenesteområde i Røde Kors.
– Vi fekk sju nye medlemmar den kvelden, folk som vil i teneste innan både Hjelpekorpset, Besøkstjenesten og BARK (Barnas Røde Kors).
– Det er kjekt at BARK, som nyleg starta opp igjen, har fått høg aktivitet. Vi har godt med folk i dei andre gruppene òg, men behovet veks.
– Innan besøkstenesta har det auka spesielt mykje med folk som vil ha besøksven. Når det kjem til søk og redning så har prosedyren endra seg. Før var det lensmannen som kalla ut sitt lokale Røde Kors, og eventuelt ba om påfyll.
– No er det Vest politidistrikt som melder behov til Hordaland Røde Kors. Så inviterer dei alle oss i «område 2», Os, Askøy, Øygarden, Fana, Bergen og Nordhordland, på same tid.
Det kan vera avgjerande for ein aksjon at starten, grov-søket, blir gjort med stor mannskap. I tillegg stiller dei ulike Røde Kors-avdelingane med noko ilukt utstyr og kompetanse, frå Resque Runner (vannskuter) til ATV.
– Derfor er vi i Os i høgare aktivitet enn kva som er synleg i heimbygda, og derfor er behovet stort også her, forklarer Strønen.






