Lokal | 30. aug. 2014

Bygde sjøbu på dugnad

Rotary-medlemmar har brukt utallige timar på å bygga Ramsholmen. – 80-90% av materiala er resirkulert, fortel dugnadsleiaren.

Bygde sjøbu på dugnad
Dugnadsleiar Øystein Moberg fortalde om arbeidet som var lagt ned (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 30. aug. 2014 07:33

Bildeserie:

Sjøbua på Ramsholmen (foto: AH)
Sjøbua på Ramsholmen (foto: AH)
Underetasjen skal vera depot for utstyr som BOF leiger ut (foto: AH)
Underetasjen skal vera depot for utstyr som BOF leiger ut (foto: AH)
Materialet er gjenbruk av limtredragarar som er kappa og kløyvd (foto: AH)
Materialet er gjenbruk av limtredragarar som er kappa og kløyvd (foto: AH)
1 av 3
Sjøbua på Ramsholmen (foto: AH)
Underetasjen skal vera depot for utstyr som BOF leiger ut (foto: AH)
Materialet er gjenbruk av limtredragarar som er kappa og kløyvd (foto: AH)

Onsdag overtok Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) det formelle ansvaret for friluftsområdet og husa på Ramsholmen. Gjennom 15 år har medlemmane i Rotary brukt fritida på å bygga anlegget på dugnad.

– Det er grunn til å takke sjøhusenkene som har ofra seg og latt oss få lov til å bruke tid på dette.

– Uten dei hadde dette ikkje blitt noko av, smilte dugnadsleiar Øystein Moberg.

3000 timer på del éin

I 1999 kjøpte Rotary området på Ramsholmen og søkte om å få lov til å sette opp ei sjøbu.

– Vi fekk nei på sjøbua, men fekk lov til å utvikle leirområdet med fiskebrygge, toaletter, kai og samlingsplass.

Les òg: Sveise-elevar på synfaring

– Om lag 3000 dugnadstimar har vi loggført på den første delen av anlegget, så då vi fekk løyve til sjøhuset bestemte vi oss for at det skulle gjerast med innleid hjelp, men det blei utfordrande å skaffe finansieringa, så det blei mange nye timer, fortalde Moberg under overrekkinga.

Laftestove gav sjøhus

Medan dei venta på ei løysing rundt sjøhuset fekk dugnadsgjengen tak på ei laftestove frå 1860-åra.

– Stova frå Voss mangla nokre stokkar.

– Dei fekk vi frå Vestland Heiltre. Der kom vi òg over fleire limtrebjelker som var gått ut av produksjon.

– Desse fekk vi kjøpa for 30 000 kroner som BOF stilte med, men dei var jo i ein heilt anna dimensjon enn det vi kunne bruke.

– Vi fekk låna saga til Oselvarverkstaden, grunn frå Os kommune, utstyr frå Bjørn Døsen og Mesterhus og lager frå BKK.

– Kvar stokk blei kappa og kløyvd og merka kor på sjøhuset den skulle nyttast.

– Faktisk er 80-90% av alt materiale her ute resirkulert.

Resirkulering og restarbeidsevne

Den dyktige dugnadsgjengen har ikkje berre jobba, men òg har hatt det kjekt.

– NAV har noko dei kallar restarbeidsevne.

– Restarbeidsevnen hjå oss og gjenbruk av materiala har blitt det de ser her.

– Dei politiske partia har utvikla noko dei kaller tankesmier, kor dei tenkjer gode tanker, men kor det ikkje nødvendigvis kjem noko handfast ut av.

– Hjå oss har det vore morgonmøter klokka ni. Då hadde folk rekt å lesa seg opp på avisene, så vi kunne diskutera og løyse mange verdsproblem.

– Ein og anna gong var det noko som sa dei hadde tenkt om natta. Då kom ideeane på korleis vi kunne løysa ting. Vi hadde eit prinsipp. Den som kom med ideen, fekk òg ansvaret for å gjennomføra den, i motsetning til dei politiske tankesmiene.

– Ein anna ting vi oppdaga var at restarbeidsevnen varte frå morgonmøte til lunsj, smilte Moberg.

Nådde ikkje høgre

At sjøbua blei akkurat så høg som den blei er litt tilfeldig.

– De veit desse limtredragarane er tunge. Den lengste dragaren i mønet er 10 meter lang.

– Høgda på sjøbua blei akkurat slik den er i dag av den enkle grunn at krana på Frifant (båten til BOF, journ.mrk) ikkje rakk høgre.

– Dagen vi skulle ha den på plass var det nordavind og straum. Det som var i vater og lodd den eine dagen, var ikkje nødvendigvis den neste.

– Men no står sjøbua her, klar til å vera depot for kanoar og utstyr til BFO og til bruk for alle som ønskjer det.

– Takk til alle som har bidrege, avslutta dugnadsleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.