Kultur | 14. mai 2011

Bygger ny Os kai

Etter 76 år i statleg eige har Os kommune no hand om Os kai. Fredag var det oppstartmøte, her kan du sjå korleis kaien skal bli.

Bygger ny Os kai
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. mai 2011 21:04

Timinga var god då Oseana og Os Sjøfront-prosjektet fekk Os kommune til, nok ein gong, å retta seg til Kystverket og staten for å be om å få kjøpa moloen og Os kai.

Staten har eigd hamna sidan 1935 og i fleire omgangar har diskusjonar om tilbakeføring til lokalt eigarskap enda med havari.

– Det var blant anna eit mislukka forsøk på 90-talet. Å få eigarskapen til Os kai var ei oppgåve eg arva då eg blei ordførar i 1999, seier ordførar Terje Søviknes.

Les òg:
- No må båtane vekk

Sorterte hamnene

Oppgåva blei liggande på vent til planane for utvikling av Mobergsneset starta. Det var naturleg å rusta opp den gamle kaien og moloen, og få ei betre tilkomst til Oseana og Os Sjøfront, i same slengen.

Då Os kommune, truleg utan å venta seg god respons, fekk representantane frå Kystverket til Os i møte, viste det seg å klaffa bra.

Kystverket hadde nemleg ganske nyleg sortert hamnene sine i tre kategoriar, dei med riksdekkande interesse, dei med regional interesse og dei meir lokale. Sistnemte ville Kystverket avhenda seg med og Os kai var sortert midt imellom regional og lokal kai.

Søknaden blei skriven og sendt inn. Det blei også nokre møter i Haugesund hos Kystverket.

– Her gjorde Søviknes eit godt stykke arbeid. Saka skulle opp på høgste nivå, og det skal helst ikkje vera kommafeil i det du sender til departementet, skryt Tor Inge Døsen frå Os Sjøfront.

Løftar kaien

Det er fleire veker sidan Os Sjøfront byrja å fylla i hopen innanfor den gamle moloen på Moberg-sida. Nyleg var dei ferdig med å pæla til eiga kaiflate, så då byrja dei å pæla til nye Os kai.

– Den gamle kaien ser verre ut på undersida enn på oppsida, så det var nok på høg tid med litt vedlikehald, seier Døsen.

Os kai og gamlemoloen blir ny når arbeidet er ferdig. Fiskeriinteressene disponerer 2 x 30 meter kailengd, i tillegg blir delar av innsida av moloen til kai.

– Delar av kaien inst mot vegen blir løfta 70-80 centimeter for å gjera avkjørsla betre. Nokre delar av kaien blir lågare enn andre, og vil eigna seg bra for sjarkar som vil lasta og lossa, seier Søviknes.

Kven skal bruka den?

Os sentrum har ikkje fiskemottak og dei få sjarkfiskarane vi har ligg ikkje og sel reker eller torsk til forbipasserande. Kven er det som skal, og har lov til, å bruka nye Os kai?

– Kaien kan brukast i industrien, til lasting og lossing, og fiskarane har eigne delar av kaien som dei har førsterett på.

– Fordelen ved at kommunen har fått kontroll på Os kai er at det er lett for dei som vil bruka kaien å ta kontakt for å få ein avtale, anten det er snakk om tett frekvens med lasting og lossing eller for eksempel MS Midthordland vil ligga nokre døgn, seier ordføraren.

– Kven bruker kaien i dag?

– Det er fleire. Brødrene Borgen Betong er nok blant dei største brukarane. Dei får ofte sand levert med båt, og no i oppstartfasen er dei blant brukarane som vi må orientera om arbeid og stenging av kaien så dei får ordna seg anten andre plassar eller ved å ta inn større parti i forkant av periodar der kaien ikkje kan brukast, seier Døsen.

– Kan også gjestar legga seg til innanfor den inste moloen i den nye hamna ved Os kai?

– Det er mogleg det kan bli plass til nokre få gjestar, men vi vil nok først og fremst visa til den komande gjestehamna innanfor den nye moloen, seier Søviknes.

Les òg:
Rask leveranse

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.