Næringsliv | 30. mai 2018

Capri flyttar på gateplan

– Dette har vi hatt ønskje om lenge, seier Mustafa Erpolat.

Capri flyttar på gateplan
Her har Capri halde til sidan Erpolat starta i 2002. Over sommaren blir det flytting. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 30. mai 2018 21:43

Bildeserie:

Her flyttar Capri inn. (Foto: KVB)
Her flyttar Capri inn. (Foto: KVB)
Sånn såg lokalet ut då iSushi opna i april 2016. (Foto: KVB)
Sånn såg lokalet ut då iSushi opna i april 2016. (Foto: KVB)
1 av 2
Her flyttar Capri inn. (Foto: KVB)
Sånn såg lokalet ut då iSushi opna i april 2016. (Foto: KVB)

Mustafa Erpolat har drive Capri Restaurant Os AS sidan 2002. Restauranten held til i 2. etasje i Brugata, men har drive godt.

Frå 2013 til 2016 auka omsetnaden frå 5,3 til 9,1 millionar kroner.

– Også 2017 blei eit godt år, fortel Mustafa.

Flyttar til iSushi-lokalet

Han har fleire gongar prøvd å få lokale på gateplan, men utan å lykkast.

I dag fekk han endeleg kontrakt på nytt lokale, hos same huseigar, og i eit lokale som er ferdig innreidd som restaurant.

– Vi overtar lokalet iSushi bygde restaurant i. Her får vi både lokale på gateplan, uterestaurant og godt med sol, dette gler vi oss veldig til.

iSushi-gründar Roger Johannessen ville gå frå hovudfokus på take away til å bygga sin første fullskala restaurant. Flaggskipet på Os opna i april 2016, i september 2017 blei den lagt ned.

• Les òg: Vil driva framleige av lokalet

Flyttar etter ferien

Capri held fram i full drift i dagens lokale gjennom sommaren.

– Flytting blir i august eller september.

Erpolat har kjøpt alt inventar frå iSushi, i tillegg tar han med seg pizzaomnar og anna utstyr frå sitt eige kjøkken.

– Vi held naturlegvis på menyen vår, men det kan koma nokre endringar og nokre nye rettar når vi er på plass på nytt kjøkken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.