Då ho mor vart imponert
LESARINNLEGG: Odd-målet, ein fulltreffar, av Arnfinn Haga.
Det er ein replikk me aldri kom til å gløyma, han fall i ei kritisk stund.
Det hadde seg slik at ein gong tidleg i 1970-åra reiste Os til Skien for å møta den tradisjonsrike fotballklubben Odd i serien. Odd er eit av dei laga som har teke heim flest cup-gull.
Os var på stigande kurs i andredivisjon og sikta mot toppen. Fyrstedivisjon, som den gongen var toppdivisjonen, var mykje meir enn fjern framtidsmusikk.
Sjefen vår var Erik Just Olsen, som til og med aldrande folk tok til å kalla Just’n.
Me var fire entusiastar som tok turen til Skien, mor mi medrekna. Det vart overnatting på ei hytte i Morgedal før me strauk rakaste vegen sørover og fann fram til stadion. Med kongeleg utsyn vagla me oss høgt på tribunen.
Kampen stod og vippa det eine kvarteret etter det andre, det spøkte for at resultatet vart 0-0. Men langt ut i oppegonga skaut Just’n totalt uventa frå lang distanse. Ballen trefte fyrst den eine stolpen, spratt tvert over til den andre - og så inn i nettet. Det vart full pott til Os.
På distansen Haukeli-Røldal på retur vart det snødrev og etter kvart glinsande glatt føre.
Då me nærma oss bakkane ned mot Røldal, vart det eit heilt tak å halda bilen på vegen. Medan sjåføren hadde si fulle hyre med sitt, sa mor frå baksetet:
«Eg kan ikkje gløyma skotet te Just’n.»
Arnfinn Haga