Meining | 27. des. 2024

Kan det verta for fint?

DEBATT: Ikkje heilt sjeldan sit eg med ei kjensle av at framføringar vert altfor fine.

Kan det verta for fint?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. des. 2024 08:00

I vekene før jul, i sjølve høgtida og utover i romjula, er det endelaust med konsertar å høyra og sjå på TV. Me får nytt møte med gamle, kjære julesalmar og salmar og songar frå nyare tid.

Det er uråd å få med seg alt, ein må gje seg tid til å smaka på ribbe og bakst, og kanskje balansera fram ein liten konjakkar no i juletider.

Songarar, blåsarar, strykarar og resten gjer sitt beste.

Men.

Ikkje heilt sjeldan sit eg med ei kjensle av at framføringar vert altfor fine. Det høyrest kanskje litt merkeleg ut, men noko er stundom så utstudert og «originalt» at det vert i meste laget. Då kan ei framsyning verta kunstig og aller verst: keisam.

Eg tek eitt døme for å konkretisera kva eg meiner:

Jakob Sande skreiv i si tid «Då Daniel drog», ein song om ein nyleg konfirmert gut som har fått seg hyre med båt på langfart. Mor hans hjelper til med å fylla reisekista med alt «vesle Daniel» må ha med seg. Dette er då ein vemodig song om ein ungdom som har barndomen bak seg og skal ut i den store verda. Songen grip oss på ein sjeldsynt sterk måte. Ikkje minst foreldre vil kjenna seg att.

Ein gong høyrde eg ein kjend skodespelar framføra songen. Han var så oppteken av å leggja vekt på alt det vemodige at prestasjonen vart kunstig - for songen er så vemodig i seg sjølv at ein øydelegg med å understreka det.

Ein annan gong høyrde eg Jakob Sande sjølv syngja songen.

Dei såkalla ekspertane hadde sikkert ikkje gjeve han rare karakteren. Men Sande song med sin eigen bas, og ein fekk nesten ein klump i halsen.

Kva er kunst? Arnulf Øverland og fleire med han har prøvd å svara på det. Men til sjuande og sist er kunst så vanskeleg å definera at du sit att like klok. Her er det alltid noko me ikkje får heilt tak i - det er vel nettopp kunsten sin natur.

For meg vart det Jakob Sande si framføring som vart ekte kunst, og ikkje den oppblåsne framføringa som skodespelaren strevde med.

Arnfinn Haga

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.