Kultur | 29. sep. 2021

Dei åtte haustferieskulane er klare

Nokre av dei har ledig plass.

Dei åtte haustferieskulane er klare
Vidar Øvredal har laga ferieopplegg for ungar før, som her på Vinnesholmen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. sep. 2021 11:03

I sommar blei det klart at kommunen fekk pengar igjen etter tildelinga frå staten, og gjennomføring av 18 kurs for 700 ungar på sommarskule.

For ein liten månad sidan blei påmelding haustferieskulane lagt ut.

I går var programmet klart.

– Vi har rundt 180 påmeldte tilåtte ulike kurs, seier «haustferieskule-rektor» Per Olav Sørås.

Noko av det han synest er ekstra gledeleg, er breidda i tilboda.

– Fleire idrettslag lager jo mange gode aktivitetar frå før, ikkje minst med fotball og handball. Men her har det vore endå meir å velja i.

Dette er dei åtte kursa:

Aktivitetsveke, idrett (Nore Neset il)
Miniskapar (Skaparstova, Os sentrum)
Kuventræ Bootcamp (Os turn/fotball)
Aktivitetar på, i og ved vatn (Os ungdomsskule)
Os haustcamp (Tunet kyrkje- og kultursenter)
Matglede (Kuventræ barneskule)
Nær sjøen (Vidar Øvredal)
Svømmekurs (Osbadet)

Nokre av dei har noko ledig plass.

– Dei fleste går over tre dagar, måndag til onsdag, fortel Sørås.

Haustferieskulen er for ungar frå 5. til 7. trinn.

– Då vi publiserte påmelding til desse åtte, kom det nokre kommentarar frå folk som ønskte tilbod til dei yngre. Vurderte de dette?

– Ja. Vi såg at vi ikkje ville klara eit tilbod for alle frå 5. til 10. klasse, sånn vi hadde i sommar, og tenkte at dei yngste har SFO og ulike idrettsfritidstilbod å velja i, og lagde heller eit godt utval for dei eldste på barneskulen, forklarer Sørås.

Kva med neste år?

Det har vore ulike ferietilbod i regi av kommunen før, men aldri på nivå med det som har kome i år, etter denne støtta frå Staten.

Frivillige lag, bedrifter og organisasjonar har fått betalt, deltakarane har fått kurs og feireaktivitet gratis.

– Er det sjanse for at det kjem noko liknande neste år?

– Vi har oppfatta dette som eit eingongstiltak frå Staten, grunna pandemien, og vil nok ikkje klara eit så omfattande gratistilbod utan denne støtta.

– Men eg er imponert over kva kurshaldarane har stilt opp med, og kanskje gir årets sommar- og haustferieskule-erfaring grunnlag for likevel å kunna skapa noko neste år.

– Saman med det høge aktivitetsnivået har vi også klart å kjøpa noko utstyr som kan brukast fleire gongar. Noko av det, som 15 våtdrakter, kan dessutan lånast på BUA året rundt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.