Fritid | 03. sep. 2021

Gratis opplevingar for unge: No blir det haustferieskule

«Restane» etter den populære sommarskulen tar no imot påmeldingar.

Gratis opplevingar for unge: No blir det haustferieskule
Osbadet hadde delar av siun sommarskule i Ulvenvatnet. Også i haustferien kan du kosa deg i og nær vatn og sjø. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. sep. 2021 10:58

Responsen blei god då Bjørnafjorden kommune fortalte at dei hadde 3 millionar kroner å bruka på firma og frivillige lag som ville arrangera sommarskule for ungdom.

Responsen blant unge og ungdom var like god, over 600 meldte seg på.

Men det er pengar igjen, og no er det sett opp haustferieskule med 8 ulike aktivitetar.

– Sommarskulen i Bjørnafjorden blei ein stor suksess, og gav mange barn og unge minne for livet. Derfor er det ekstra kjekt å kunna gi dette tilbodet til endå fleire, seier sommar- og haustferieskulerektor Per Olav Sørås.

Haustferien er i veke 41, frå 11. til 15. oktober. Haustferieskulen er open for elevar på frå 5. til 7. trinn.

Det er no opna for påmelding. Påmeldingsfristen er fredag 10. september klokka 12.

Dette er aktivitetane du kan velja i:

  • Aktivitetar på, i og ved vatn
  • Aktivitetsveke idrett
  • Kuventræ Bootcamp
  • Matglede i haustferien
  • Miniskapar
  • Nær sjøen
  • Os haustcamp
  • Svømmeskule på Osbadet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.