Fritid | 19. mai 2021

Sommarskulen: 700 plassar på 18 ulike kurs

Kommunen imponert over responsen frå firma og frivillige lag.

Sommarskulen: 700 plassar på 18 ulike kurs
Så glad kan du bli når du lanserer programmet for årets sommarskule i Bjørnafjorden. Ordførar Trine Lindborg (Ap) saman med sommarskulerektor, Per Olav Sørås. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 19. mai 2021 11:00 - Sist oppdatert 19. mai 2021

I april kunne du lesa at Bjørnafjorden kommune hadde fått tildelt midlar frå Utdanningsdirektoratet for å gjennomføra sommarskule 2021.

Sommarskulen er eit gratis tilbod til barn og unge i Bjørnafjorden kommune, 5.-10. trinn. Kommunen skal arrangera sommarskulen i samarbeid med lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar.

Sommarskulen skal tilby varierte kurstilbod med ulike tema, for eksempel innanfor kunst, dans, musikk, idrett, språk, realfag, teater, mat og helse, handverk, friluftsliv og andre spennande og lærerike tema og aktivitetar.

– Vi har fått ganske mykje, over 3 millionar kroner, og håper mange har lyst å vera med og laga tilbod, så vi får eit rikt utval å tilby ungane i ferien, sa Per Olav Sørås då.

– Dei som har noko å tilby kan melda seg til oss innan 7. mai. Kursa blir fullfinansierte av oss.

Vi er stolte og mektig imponerte

I dag kunne ein stolt ordførar, Trine Lindborg (Ap), saman med no sommarskulerektor, Per Olav Sørås, invitera pressa til lansering av sommarens pensum og tilbod.

– Vi er stolte over å presentera eit stort, variert og spennande tilbod til barn og unge, og vi er mektig imponerte over initiativet og kreativiteten hos lokale organisasjonar og bedrifter, fortel Lindborg.

– Det har vore travelt sidan vi gjekk ut med informasjonen og invitasjonen seint i april, men responsen har verkeleg vore bra. No kan vi altså presentera 18 ulike kurs, med totalt 700 plassar fordelt på to veker. Det er råkt ut imponerande, fortel ein tydeleg nøgd Sørås.

– Her er det på sin plass å få skryta av Sørås og teamet han har med seg i denne prossessen, seier Lindborg.

– I førre veke kunne vi presentera eit sommarjobb-tilbod for unge på Luranetunet og Fusa bu- og behandlingssenter, og før det nyheita om 600.000 kroner i tilskot til BUA som opnar i juni. No er det kjekt å kunne invitera til ein sommarskule kor det er gratis å delta.

Noko for alle - med eigen flyskule

Eit sentralt mål for sommarskulen er at barn og unge skal oppleve meistring gjennom kurs med god fagleg kvalitet, samtidig som dei får moglegheit til å ha det gøy og få nye venner.

– Her er det verkeleg noko for alle, fortel Lindborg. Kommunen har nokre kurs i eigen regi, men dei fleste tilboda kjem frå lag, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar i lokalmiljøet.

Kursa er fordelte på kurs for dei mellom 5. og 7. trinn, og for dei mellom 8. og 10. trinn, og det er på kva for trinn du går på når du søkjer som er gjeldande, fortel Sørås.

For dei mellom 5. og 7. trinn finn du i tillegg til dei meir tradisjonelle tilboda som fotball- og handballskule kurs innan musikk, ein eigen forskarfabrikk, speidarleir, skate-kurs og kurs i kunst og handverk.

– For dei mellom 8. og 10. trinn finn du fleire av dei same kursa som for dei yngste, men det er òg kurs i journalistikk, og ikkje minst noko så spennande som ein eigen flyskule, fortel Sørås. Dette tilbodet kjem frå Os Aero Klubb, og eg må seia at dette var stilig å få med som ein del av sommarskulen vår.

Søk no!

Bjørnafjorden kommune har i dag lagt ut informasjon og søknadsskjema til alle kursa på heimesidene sine.

Lindborg og Sørås oppmodar sjølvsagt alle om å søkja om plass.

– Du kan velja fleire alternativ i søknadsskjemaet, og du kan rangere ønska dine etter kva du har mest lyst til å vere med på, fortel Sørås. Du kan òg søkje om tilbod begge vekene.

Lindborg legg til at det er varierande plass på dei ulike kursa, alt etter kvar for aktivitet det er snakk om.

– Vi vil så langt det lar seg gjera prøva å gjera alle til lags, men om det er fleire søkjarar enn det er plass til ved enkelte kurs, vil det bli loddtrekking.

Søknadsfrist for sommarskulen er 26. mai 2021.

Alle som får plass, får tilbakemelding med tilbod innan 6. juni. Du vil få nærmare informasjon om oppmøtestad, klokkeslett, utstyr osb. direkte frå kursarrangøren før sommarskulen startar.

Dette er kursa:

Tilbod i veke 25 (21.-25. juni) 5.-7. trinn

  • Musikalgøy! Formidling gjennom song, dans og skodespel
  • Forskerfabrikkens sommerlab
  • Arbeidsstove: Kunst og handverk med naturens materialar
  • Friluftslivskule
  • Aktivitetar i, på og ved vatnet
  • Osbadet sin sommarskule
  • Eventyrsommar - ein slags speidarleir
  • Sommarskule i Fjorden arena
  • Alle tilbake på banen!
  • Skate & create!
  • MiniSkapar: Kom og ver kreativ i Skaparstovo!

Tilbod i veke 26 (28. juni-2. juli) 5.-7. trinn

  • Teikne- og kreativitetsverkstad
  • Friluftslivskule
  • Osbadet sin sommarskule
  • Eventyrsommar - ein slags speidarleir
  • Alle tilbake på banen!

Tilbod i veke 25 (21.-25. juni) 8.-10. trinn

  • Arbeidsstove: Kunst og handverk med naturens materialar
  • Journalistikk, media, film og foto
  • Musikalgøy! Formidling gjennom song, dans og skodespel
  • Flyskule: Lær om flyging og luftsport
  • Sommarskule i Fjorden arena
  • Alle tilbake på banen!
  • Idrett og livsmeistring
  • Saman i sommar

Tilbod i veke 26 (28. juni-2. juli) 8.-10. trinn

  • Kuventræ Sommarcamp
  • Journalistikk, media, film og foto
  • TenSing-veke
  • Flyskule: Lær om flyging og luftsport
  • Alle tilbake på banen!
  • Idrett og livsmeistring
  • MiniSkapar: Kom og ver kreativ i Skaparstovo!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.