Korona | 19. aug. 2021

Dei første 16-åringane får første dose i morgon

Vaksinasjon av 16- og 17-åringane kjem i gang allereie fredag.

Dei første 16-åringane får første dose i morgon
Fredag blir det drop-in i Oshallen, i neste veke reiser vaksinasjonsteamet ut til Kongshaug og Fusa vgs. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. aug. 2021 13:46

Bjørnafjorden kommune har, i tråd med regjeringa si opning for vaksinasjon for 16- og 17-åringar, i dag bestemt seg for å gå i gang allereie i morgon, fredag.

– Elevar fødde i 2004 og 2005 ved Os gymnas og Os vidaregåande skule får tilbod om å ta første dose på drop-in i Oshallen fredag 20. august, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

– No gjeld det å få andre dose ut til flest mogleg, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògFår 3.500 ekstradosar - snart er det 16-åringane sin tur

Elevane ved Fusa vidaregåande skule og Kongshaug Musikkgymnas vil få vaksinen når vaksinasjonsteamet frå kommunen kjem til skulane torsdag om ei veke.

Skulane gir informasjon om vaksinasjon til sine elevar og føresette, skriv kommunen på sine heimesider.

Personar er helserettsleg myndige når dei fyller 16 år. Ungdommar som har fylt 16 år, kan difor sjølv bestemma om dei ønskjer å vaksinere seg. For elevar som fyller 16 år seinare i år, vil skulen innhente samtykke frå føresette.

Aldersgruppa vil få tilbod om to vaksinedosar, slik som den vaksne befolkninga, med 8 til 12 vekers intervall.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.