Politi | 30. aug. 2021

Dei «uheldige» si helg

Feil veg i rundkøyring, køyring på bakhjulet og vingling på E39 - politiet fekk i helga med seg det meste.

Dei «uheldige» si helg
MC-en køyrde feil veg gjennom rundkøyringa, men politiet fekk det med seg. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. aug. 2021 07:52

Fredag tok politiet med seg lokalpressen ut i Lysefjorden for å fortelja om styrkt fokus på Lyseklostervegen og Fanafjellet etter fleire klagar på uaktsam køyring mellom Ulven og Fana.

Lensmann i Bjørnafjorden kommune, Oddbjørn Dyrdal, og politistasjonssjef for Bergen Sør, Ronny Andre Øvrebotten.
Les òg– Her blir det fleire kontrollar!

Same dag, klokka 23.15 om kvelden, observerte dei éin førar av lett MC som køyrde forbi kameratane ved å køyra motsett veg gjennom ei rundkøyring i Ulvenvegen.

– Førar er under 18 år. Han og foreldra samtykka i forelegg på 5.850 kroner, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Eit kvarter seinare observerte patruljen ein moped på bakhjulet på Lyseklostervegen nær Ulven leir.

– Det blei ikkje førarkortbeslag på staden, men vi har oppretta sak for brot på paragraf 3, uaktsam køyring. I tillegg var det nokre tekniske manglar, så mopeden må visast på vegvesenet.

Laurdag formiddag i 10-tida blei ein moped stoppa. Politiet mistenker den for å ha ulovleg god yteevne, så den må til vegvesenet for teknisk kontroll.

Filma eldre bilist på Halhjemsvegen

Også vinglete køyring er noko politiet ofte får tips om, men der førar normalt slepp unna med åtvaring. Men denne helga fekk patruljen med seg «alt».

– Søndag klokka 09.15 observerte dei ein bil på E39 Halhjemsvegen som køyrde svært vinglete, og i periodar brukte motsett køyrefelt. Bilførar, ein mann fødd på 1940-talet, forklarte at han kanskje var uoppmerksam innimellom, for han hadde hatt blikket på ein GPS.

Det blei tatt beslag i førarkortet, noko bilførar ikkje samtykka i. Men politiet har delar av køyreturen på film.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.