Politi | 26. aug. 2021

MC kolliderte med bil

MC-førar henta av ambulanse etter samanstøyt med bil på Ulvenvegen.

MC kolliderte med bil
Førar skal ha ramla av, sykkelen trilla opp ein skråing og står fast mellom to konteinarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. aug. 2021 20:18

Torsdag klokka 21.16 blei det meldt om ei trafikkulykke på Ulvenvegen.

Ein personbil og ein lett MC var involvert, ulykka skjedde i krysset ved Spar-butikken i Kloppamyra.

– MC-førar er vaken og bevisst, skriv politiet på Twitter.

Då Midtsiden kom til staden blei han køyrd frå staden i ambulanse.

MC-førar skal ha tatt ei forbikøyring retning Ulven då bilen svingte til venstre, inn mot Spar. (Foto: KVB)
MC-førar skal ha tatt ei forbikøyring retning Ulven då bilen svingte til venstre, inn mot Spar. (Foto: KVB)

Politiet var opptatt, men nokre vitne skildrar kva som skjedde.

Ei gruppe på rundt 5-6 MC-førarar køyrde retning Ulven då MC-førar ville køyra forbi ein bil. Men bilen svinge inn mot Spar-butikken, og dei to støytte saman.

MC-førar gjekk i bakken, den lette motorsykkelen trilla vidare ut i grøfta, opp ein skråing og står fast mellom to konteinarar i industriområdet.

Oppdatert fredag:

– MC-førar er ein 17 år gamal gut, bilførar er ei dame i 60-åra. Det var éin passasjer i bilen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet stadfestar opplysingane frå vitna over, om at ulykka skjedde i samband med ei forbikøyring. Det er oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.