Politi | 04. aug. 2021

Delte ut 14 parkeringsbøter

Politiet var to rundar på Halhjem tysdag.

Delte ut 14 parkeringsbøter
Fortau og plen blir brukt til parkering ved Halhjem ferjekai, som her på søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. aug. 2021 07:59

Tysdag i 20.40-tida var politiet på Halhjem ferjekai for å sjekka parkeringa på kaien.

Det har vore ei utfordring den siste tida, spesielt etter at det blei gratis å reisa utan bil.

Nokre av dei feilparkerte har stått på fortau og plen, andre har sperra for elbil-lading eller for gassanlegget.

At prisane for å ta med bil i sommar gjekk ned med 25 prosent, har ikkje heilt rydda vekk problemet.

– 13 gebyr blei skrive ut, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Patruljen var ute igjen klokka 2205 og oppdaga nok ein syndar.

Alle gebyra blei lagte i frontruta på bilane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.