Meining | 26. mars 2023

Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Debatt: Det er fleire gode framlegg for elevane, men det viktigaste manglar i innspurten.

Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane
Tobias Christensen Eikeland. (Foto: Norsk Målungdom)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. mars 2023 07:10

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men det viktigaste manglar i innspurten.

Definisjonen på læremiddel i forslaget femnar om for lite. Det er ikkje nok med berre dei få og store læremidla.

Opplæringslova må få med digitale læringsressursar, appar, plattformer og verktøy som faktisk blir brukt i skulen.

Når skulen blir meir og meir digitalisert, gjer i praksis forslaget at nynorskelevane får sjå språket sitt mindre og mindre.

Tiltaka må komma med opplæringslova, elles kjem nynorskelevane til å liggje bakpå i tiåra som kjem.

Den noverande opplæringslova vart vedteken for 25 år sidan.

Samstundes er det ikkje berre grått.

Me er svært nøgde med at det blir språkdelt ungdomsskule. At elevane kan gå i klassar der hovudmålet deira er undervisningsspråket ut heile grunnskulen, er eit viktig og naudsynt tiltak for å skape trygge språkbrukarar, også i randsonene.

Det blir også eit absolutt krav om at skriveprogram i skulen skal stø nynorsk fullt ut. Dette har me jobba for lenge, og gjer at store selskap som Google ikkje lenger kan sova i timen.

Tobias Christensen Eikeland
Leiar i Norsk Målungdom

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.