Lokal | 04. juni 2019

Denne gata vert einvegskøyrd

Formannskapet samrøystes om einvegskøyring mellom Nordisk Rom og Hamnechefen - usikkert om dei har siste ordet i saka.

Denne gata vert einvegskøyrd
Inn her - men ikkje ut her. Formannskapet var samrøystes om å gjera denne gata einvegskøyrd. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 04. juni 2019 12:20

Under politisk kvarter i dagens formannskapsmøte ba Nils-Anders Nøttseter om status for trafikk og parkering i Os sentrum.

Sesam Parkering AS sin nylege konkurs har gjort at arbeidet med ei parkeringsløysing for tida er tilbake til starten.

Like etter 17. mai var den nye næringssjefen, Elin Bryn Thorsen, ute og oppmoda folk om å respektera gjeldande parkeringsreglar.

Køyr einvegskøyring!

Nøttseter la sjølv ei løysing på bordet for formannskapet; steng for trafikk inn i sentrum ved Drageset-bygget.

Slik såg Nøttseter for seg at ein ville unngå alle gjennomgangstrafikken gjennom Os sentrum, og ein ville òg letta på trykket i krysset rundt Hamnechefen.

Prosjektsjef i Os kommune, Halvor Hanevik tok jobben med å svara på spørsmåla frå Nøtteseter.

– Køyr einvegskøyring, vegvesenet har sagt ja, vi har Os sentrumsforening i ryggen og vi har skilta, var den klare oppmodinga frå Hanevik.

Med einvegskøyring såg Hanevik for seg å gjera strekninga mellom Nordisk Rom og Hamnechefen open for trafikk - berre i retning inn i sentrum.

Du kan då altså køyra inn til, og ut frå Kyrkjetunet og Coop Extra som vanleg. Du kan òg køyra inn i sentrum frå krysset Byvegen/ Lundehjørnet, men befinn du deg inne i sentrum kan du ikkje køyra ut av sentrum ved å passera Jernia og apoteket og vidare ut i krysset Byvegen/ Lundehjørnet.

Denne fiks-ferdige løysinga såg til å ta formannskapet litt på senga.

– Men kven kan fatta vedtaket, undra Marie L. Bruarøy (H) seg?

– Ja, det lurer eg òg på repliserte Hanevik, men finn det ut, og klubb det gjennom. Løysinga ligg klar og ventar på dykk.

– Vi sender ut eit signal

Ordførar Terje Søviknes (Frp) kunne heller ikkje svara eksakt på kven som eventuelt har det siste formelle ordet i å gjera Øyro/ Bydraget einevegskøyrd.

– Eg vil uansett at vi stemmer over dette her i formannskapet i dag.

– Då sender vi ut eit tydeleg signal, og så får vi finna ut om det er vi, plan- og bygningsutvalet eller nokon andre som skal ha heilt siste ordet i denne saka.

Eit samrøystes formannskap stilte seg bak forslaget til Søviknes.

Om formannskapet no har gjort gata einvegskøyrd vil berre tida visa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.