Lokal | 16. juli 2016

Derfor har prisen på E39 Stord-Os auka

Uvisseprosenten er gått ned, farten og seglingshøgda har gått opp, og brua skal kunna kryssast på sykkel. Men prisen kan òg justerast ned eit stykke.

Derfor har prisen på E39 Stord-Os auka
Overgangen frå bru via senketunell til fast fjelltunell har ein høg kalkulert pris. Det blir òg jobba med å få denne ned. (Skisse: SVV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. juli 2016 07:57

I går blei dei nye dokumenta frå Statens vegvesen offentleggjort etter at NRK stilte seg kritiske til at brevet med samandrag og kostnadsoverslag blei halde hemmeleg.

Samandraget viste blant anna at vegvesenet anbefalar veg i tunell, 7 km frå Røtinga til Moberg, framfor veg i dagen og eventuelt bruer frå Øyane til Halhjem og tunell frå Halhjem til Moberg (4,6 km).

Prisen på tunell frå Øyane til Moberg er 1,6 milliardar billigare enn veg i dagen. Bruene utgjer størstedelen av kostnadsdifferansen.

Frå 35 (i 2013) til 43 milliardar

Totalprisen på prosjektet aukar til 43,0 milliardar for billigaste alternativ.

I KVU (konsekvensutgreiing) i 2012 var prosjektet kostnadsrekna til 19,3 milliardar.

Men;
• I 2013 blei momsreglane endra og det blei lagt på 16 prosent. Så auka sjølve brua frå 8,9 til 14,4 milliardar.
• I dette talet, 25 mrd, ligg 40 prosent uvisse (som er kravet i KVU), så kostnadsoverslaget var i 2013 ein stad mellom 15 og 35 milliardar kroner.
• I det nye kostnadsoverslaget er uvissa redusert til 25 % (som er kravet for kommunedelplanar)

Så blei det tatt høgde for 110 km/t, som fører til andre krav, blant anna til kurver og siktlinjer.

Av andre tekniske endringar som har ført til kostnadsauke nemner SVV:
• Auka krav til seglingshøgde og seglingsbreidde
• Utviding av vegbreidde frå 19 til 20 m og tunnelprofil frå 2 x T9,5til 2 x T10,5
• Tilrettelegging for sykling på bruene over Langenuen og Bjørnafjorden
• Større skjeringar/fyllingar på grunn av stivare kurvatur og siktkrav
• Tilkopling mellom kryss og eksisterande veg

Kan byggast rimelegare

I tillegg til at uvisseprosenten er tatt ned frå 40 til 25 prosent, skriv SVV at dei har tatt godt i på fleire område.

For eksempel er tunellprisane i kalkylen svært høge, godt over prisen dei landar på i Rogfast, som er under bygging.

I omtalen av kostnadstal kjem Statens vegvesen òg inn på alternative løysingar til å få prisen ned.

SVV ønskjer å planlegga for fire felt, for å ta grunnerverv no, så kan det seinare vurderast om talet på felt skal bli tatt i to trinn på delar av strekket.

Andre element som kan redusera kostnaden er:
• Færre kryss i førstebyggetrinn; Eitt på Stord,eitt på Tysnes og eitt i Os
• Venta med utbygging av vegen på Stord, dvs. påkopling frå brua over Langenuen til dagens veg så «enkelt» det let seg gjere. Utbygginga på Stord kan gjennomførast saman med parsellen lenger sør; Heiane– Ådland/Nordre Tveita når den blir finansiert.
• Ingen tiltak for syklande/gåande på dei store bruene (dette meiner vi er uaktuelt ut frå krav) Ikkje rasteplass på Rekstern (brua vil bli ein attraksjon, så det må byggast ein parkeringsplass)
• Minimalisering av tiltak i forhold til regelverksomstøy,luft ognaturmangfald (dette ligg allereie til grunn)
• Dei to første punkta på lista er dei mest realistiske. Kva dei andre punkta har å seie i høve til lokale- og regionale verknader, sykkelturistar, opplevingar for dei reisande og innbyggjarane i området har vi ikkje vurdert.

Vegvesenet understrekar at «dei to første punkta på lista er dei mest realistiske. Kva dei andre punkta har å seie i høve til lokale- og regionale verknader, sykkelturistar, opplevingar for dei reisande og innbyggjarane i området har vi ikkje vurdert.»

Brutypar og dyr ilandføring i Øyane

I samandraget skriv vegvesenet at dei i vidare planarbeid vil optimalisera dei tre brutypane og at avgjerd om brutype må koma seinare.

Geologiske vurderingar i marka har gjort at tunellpåhogget er flytta noko.

I prisinga er det lagt til grunn endeforankra flytebru. På Os-sida skal denne forankrast i Røtingaflua.

Overgangen frå bru via senketunell (600 m) til fast fjelltunell har høg kostnad. Denne vil vegvesenet jobba med å finna rimelegare løysingar for, for eksempel med ei større fylling i fjorden.

Prisen på brua kan òg koma til å bli redusert då den i dag er dimensjonert «ut frå konservative» vurderingar i høve vind, straumog bølgjer. Når fleire resultat frå målingane i fjorden og i mastene på land, og når modellforsøk er gjort, meiner vegvesenet at dimensjonane og kostnadane kan bli reduserte.

Midtsiden samleside: E39 Hordfast

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.